Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Gamle dagarSkriv ut Utskrift
Eit kåseri på nynorsk om at "alt var så mye bedre før".
Nynorsk - KåseriForfatter:



Du har sikkert høyrt det tusen gonger før, ”i gamle dagar så var alt så mykje betre”! Når var eigentleg "dei gode, gamle dagar"? Ja, sida det er da alt skal ha vore så mykje betre? Eg får vel prøve å finne ut av det da!

 

Kanskje dersom vi går tilbake til Adam og Eva? Dei hadde det jo fint. Eigen godt temperert frukthage, hadde verken Vestbredden eller Champions League å tenkje på. Dei slapp å bry seg med dyre kleskjøp, sinte arabarar og George Bush. Dei trong ikkje å tenkje på rushtrafikk eller "Søren, no blir eg for sen på jobben!" Det måtte vere gode dagar, og i alle fall gamle dagar. Men så kom jo styraren og kasta dei ut av hagen, og da blei nok ikkje dagane så gode heller. Da blei det vel ei trøst at dei fekk så mange barn som kunne overta jorda, sjølv om dei sikkert hadde mest lyst til å slå kvarandre i sund. Nei, det er nok noko anna vi er på jakt etter.

 

Kanskje rundt år null? Da skjedde det mye morosamt. Ein eller annan snikkar kunne lage vin av vatn og gå på Genesaretsjøen, såframt han var fødd i Betlehem den 24. desember da vel og merkje, og helst i ein liten stall. Noko som ikkje blei vel motteke, for "frihandelsavtale" var det framleis ingen som hadde tenkt på, og så kom det ein annan snikkar og spikra den første snikkaren opp på ein kross, og sida kom vikingane.

 

Vikingane ja, dei hadde det vel godt i dagane sine? Dei kunne jo berre dra kor som helst i verda og ta seg til rette. Overalt kor dei kom blei dei kjende og kunne ta for seg av den lekraste maten, og dei mest verdifulle verdisakene, og dei kunne drikke øl og mjød det dei orka, og likevel stå opp og segle ”dagen der på”. Ja, det var gode dagar det, med blodhemn og øksedrap, Midgardsormen og Ragnarok. Vikingen klarte seg vel bra utan amerikanarar, Volvo og klimakriser? Men så døyde dei jo ut også, akkurat som dinosaurane, og berre nokon få kristne kopiar stod att og grov i jorda for å få seg eit måltid mat.

 

Nei, dei gode, gamle dagane ligg nok heilt sikkert meir opp mot vår eiga tid, for verken Adam, Pontius eller Erik hadde vel høyrt om Discovery Channel? Det hadde dei vel for så vidt ikkje i 1880-åra heller, men desse dagane måtte vel vere gode dagar? Hestemøkka låg tjukk i gatene og toga spydde røyk. Morgan Kane og Sondre Nordheim blei kjendisar og hamna nok på framsida av den tids ”Se & Hør”. Folk begynte å ane kva byliv var, sjølv om dei aldri hadde høyrt om rushtrafikk og CO2 utslepp. Men er det no så sikkert at det var så gode dagar likevel? Før vi verken kunne fly eller ta med telefonen på skulen for å ”halde kontakten”? Eller når ”byar i Belgien” var pensum på skolen og Ivar Aasen hadde fått kallet sitt? "Eg heve haft ein draum." Nei så gode kunne jammen ikkje dei dagane ha vore.

 

Da kan vi heller snakke om "da e å bæssjøla va gutan". Da var det jul berre ein gong i året, men påske var det kvart år. Det kan nok byrja å likne på dei gode gamle dagane no. Den gongen dei var nøyd til å gå på ski til skulen sommar som vinter, og måtte tine tranflaska på peisen før dei fekk den obligatoriske tåren. Kven av oss har vel ikkje høyrt desse historiene ein gong eller ti? Om den gongen da ungane var ute og kasta seg i snøen i staden for å sitje inne og utvikle intellektet sitt ved å spele Playstation og sjå hyggelege filmar om kvardagen i det amerikanske samfunnet. Dei hadde jo ikkje eingong moglegheit til å stikke bort på McDonald's. for å ete seg ordentleg mette, særleg om det til middag berre blei servert nokon ussel norsk lapskaus. Og kva med at dei måtte ut i skogen for å drepe seg eit dyr til middag? Det er jo reint fram barbarisk å drepe ein søt liten elg for så å ete den. Kva med å gå på kjøpesenteret og kjøpe seg ein saftig elgbiff i staden for? Det må vel seiast å vere sivilisert.

 

Skummelt å tenkje på i grunnen, at det ikkje er så lenge sida vi blei sivilisert her oppe i det kalde nord. Ikkje det at alle er blitt det enda da. Langt ute på landsbygda, øvst oppe i dei trongaste fjelldalane er det nok enno somme som ikkje er heilt sikre på kva ”Coca Cola” og ”Levis” er. Har du tenkt på det, at for berre femti år sida var det ekstremt få attenåringar som hadde førarkort og eigen bil. Kino var ei stor oppleving, og mjølka kom på flasker. Og kva med besteforeldra våre? Jo, bestefar gjekk sju år på skule og deretter ut i arbeidslivet. Bestemor gjekk heime hos oldemor og lærde pliktene sine. Dei flytt ikkje heimanfrå før dei var gifte, og det kunne ta sin tid. Nei, det kan da ikkje stemme at dette var dei gode, gamle dagar?

 

Det begynner å nærme seg når vi glir vidare framover 50- og 60-talet. Bill Haley og Elvis Presley, så kom Beatles og rett etterpå fann somme ut at det ville vere smart å undersøkje månen på nært hald. Dette var tida da dei tøffe gutane var enda tøffare og dei søte jentene var enda søtare, mens dei som verken var tøffe eller søte ikkje er noko å snakke om. Er det da dette som er dei gode, gamle dagane, eller kan vi bli einige om at det kanskje blei litt vel mye av det gode?

 

70-åra med Punk og likestilling spolar vi fort over, for kven liker vel mjuke menn? 80-åras jappetid gjorde at stresskoffert og magesår blei status, men kven kan vel påstå at magesår er godt?

 

Dermed sit vi her da, i år 2008, og kan hevde at vi aldri har hatt det så godt, med Internett og HDTV, eit helsesystem som manglar milliardar og med klimakvoter så det held. Ser du nøye nok etter, vil du erfare at vi har alt det som dei før oss sakna. Hol i ozonlaget, kolesterol og lungekreft. Internasjonal romstasjon, kvinnelege prestar og 150” plasmaskjermar. Kanskje vi for ei tid sida skulle ha kome på andre tankar og ikkje vore så "hyppe" på få det så bra som mogleg, og heller følgt det evige ordtaket: "Ein kvar er sin eigen lykkes smed!"




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish