Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Arbeidskravsanalyse tekniske krav fotball

Arbeidskravsanalyse tekniske krav fotball

Strukturert gjennomgang av fotballferdigheter med konkrete treningsøvelser.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.05.2008
Tema
Fotball


For at eg skal klare å gjere noko med fotballen så er det viktig at eg kan dei ulike teknikkane. Til bedre eg kan dei, til bedre klarar eg å spele.

 

Teknikk innan fotball er viktig ved dei fleste tilfella. Skal eg klare å slå ei god pasning, er eg avhengig av ein god teknikk, skal eg motta ballen så må eg bruke riktig teknikk slik at eg ikkje mistar ballen i mottaket. Det eg skal gjere no er å sette opp dei ulike eigenskapane eg treng innen teknikk i fotball. Eg skal forklare kvifor eg brukar teknikkane og forklare korleis eg gjer dei riktig. Eg skal skrive om pasningar og ulike teknikkar eg brukar for å slå lange og korte pasningar. Eg skal skrive om mottak og vendingar. Skudd, heading, føring, dribling og finting. Litt om forsvarsspel og angrepsspel. Altså en mot en situasjonar, to mot en situasjonar eller kanskje to mot to.

 

Pasning:

Det kan definerast som ei forflytning frå ein spelar til ein annan. Pasningar kan vere både lange og korte, og dei kan bli slått på ulike måtar.


 

Pasningar er kanskje ein av dei viktigaste ferdighetene ein fotballspelar har. Eit godt pasningsspel er sjølve grunnlaget for effektiv fotball. Alle fotballspelarar har krav til gode pasningar uansett nivå. Det er ikkje noko ein kan bli utlært på. Til og med dei fotballspelarane i verdensklasse trenar på dette heile tida. Kravet mitt til gode pasningar er ganske viktige fordi eg spelar ving og da trenge eg både gode kortpasnings- og langpasnings eigenskapar. Eg får ofte ballen frå backen og da må eg både klare å slå gode krossballar for å løyse opp spelet, og eg treng å slå gode og presise kortpasningar for å runde ein eller fleire motspelarar for eksempel. Det kan føre til at vi klarar å spele motstandarlaget ut og vi kan komme til gode avslutningsmuligheiter.

 

<bilde>

 

Lange pasningar: Ein treng ikkje å bruke stor kraft for å slå ei lang pasning. Ein treng eigentleg berre god teknikk. For å slå ei god langpasning egna halvtliggjande vristspark seg best. Da skal ein ta stamfoten (den ein brukar til å støtte seg med) og plasserar den litt til sides for ballen og litt bak den. Ein skal legge mest mulig av kroppsvekta over på den foten for då blir skuddbeinet lett og ledig. Ein skal ta skuddfoten langt bak og hurtig fram. Foten skal vere lett og strak og ein skal stryke graset og treffe ballen midt på og under sentrum.

 

Øvelsar ein kan bruke for å trene på langpassningar er for eksempel å lage ein liten firkant og stå 20-30 meter unna firkanten. Så skal ein prøve å treffe oppi firkanten med ballen utan at den berører bakken først. Eller ein kan stå på motsatt enda av ei handball bane og prøve å treffe inni målet på den andre sida utan at ballen treff bakken først.

 

Korte pasningar: For å slå ei kort pasning treng ein riktig teknikk. Då er det best å bruke innsida å slå med. Då tar ein stamfoten og plasserar den ved sidan av ballen med litt bøy i kneet. Den andre foten skal vere lett og utovervridd slik at den står i ca 90 grader med i forhold til stamfoten. Ein må passe på å låse av ankelleddet slik at ein klarar å slå ballen mest muleg rett fram. Ein skal føre sparkebeinet bakover og føre den kraftig fram og treffe ballen i sentrum. Ein kan gjerne følle ballen litt med foten.

 

Øvelsar ein kan bruke her er vanleg firkant. Det kan vere 4 mot 1 der den eine står i midten og skal prøve å få tak i ballen. Klarar han/ho det eller ballen blir slått ut om firkanten skal han/ho som var sist borti ballen i midten. Eller ein kan slå ballen fram og tilbake til kvarandre med ei berøring kvar gong der ein prøvar og holde ballen langs bakken.

 

Skudd/avslutning:

Eit skudd/avlsutning kan definerast som eit spark på ballen der utgangspunktet er å treffe mål. Sjølv om ein ikkje alltid treff målet så er det det som er meininga med skuddet/avslutninga.

 

Skudd og avslutningar på mål er relativt viktig som ving, sjølv om eg ofte slår ballen inn i feltet istadenfor. Det er alltid like viktig å avslutte angrepa sine, og det er ikkje alltid eg har nokon å spele til så då må eg som oftast gå for eit skudd på mål. For at ein skal klare å skyte best mogleg er ikkje det nok å berre å god teknikk, men ein må også tenke på korleis timinga er, farten og plasseringa av ballen og ikkje minst om korleis forsvararen og keeparen er plassert. Ein får ikkje mål berre med å skyte mot mål ved å bruke riktig teknikk. Ein kan bruke mange forskjellige teknikkar for å skyte, men eg skal berre nemne nokre.

 

Loddrett vristspark: Her skal ein plassere stamfoten ved sidan av ballen og litt bak. Ein kan komme rett på ballen eller litt frå sida. Skuddfoten skal ein ta godt bakover og få den kjapt og hardt fram igjen mot ballen. Ein skal strekke vrista godt ut og treffe midt på ballen. Ein må passe på å komme godt over ballen slik at ein får pressa skudde godt ned slik at ein ikkje skyt langt over. Få med hofta godt framover også slik at ein får mest muleg kraft i skuddet.

 

<bilde>

 

Her kan ein skyte mens ballen ligg i ro, eller ein kan spele vegg med kvarandre og skyte direkte i fart. Ein kan sette opp ein trekant der det står ein person i kvart hjørne. Så slår han/ho som står ytterst av trekanten opp til han/ho i hjørne, som slår ballen vidare til den andre personen mens du spring i eit bueløp og får ballen på sida, som ein skal skyte på mål.

 

Volley: Då skal ein legge all tyngda over på stamfoten. Den skal peike i skuddretninga. Ein skal innta riktig kroppsstilling slik at skuddfoten har fri bane til ballen. Skuddfoten skal vere lett og ledig. Så skal ein senke skuldrane og dreie kroppen rundt stamfoten. Skuddfoten skal ein holde ut og prøve å føre nedover. Ein må treffe den øvste delen av ballen slik at ein får pressa skuddet ned. Ein må sjå godt på ballen og fullføre sparket på ballen.

 

<bilde>

 

Øvelsar ein kan bruke her er at ein spelar ballen opp til nokon som vippar ballen opp, mens vi kjem og skyt mot mål, mens ballen sprett. Eller ein kan legge ballen ut på hjørne til ein, mens ein sjølv spring inn i feltet og der får ein eit innlegg som ein sett i mål på volley.

 

Mottak/vending:

Mottak kan definerast som ei tilrettelegging etter at du har motatt ei pasning. Vending kan definerast som ein måte å lure motstandaren på utan å gjere ei finte, men berre med å vende seg og skifte springeretning.

 

For meg er mottak og vending veldig viktig fordi eg som ving treng gode mottak, både for å legge til rette ballen slik at eg kan klare å slå ei lang eller kortpasning, eller for at eg skal klare å vende meg slik at eg kan springe oppover bana og finne løysingar. Får ein til eit godt mottak kan ein lure vekk motspelaren og ein brukar mindre tid på å få kontroll på ballen slik at ein får bedre tid til å orientere seg om kva so skjer. Gode vendingar kan vere viktig for å komme seg forbi motspelarar og for at ein skal enklare og fortare skal klare å sette fart framover.

 

Mottak: For at samspelet skal fungere og pasningar skal vere gode må mottaka vere gode nok. Ein må klare å ta imot ballen på ein slik måte at ein raskast muleg kan slå vidare ei pasning, føre ballen og drible eller for å gå for skudd. Til bedre mottak ein har til mindre berøringar treng ein og ein brukar mindre tid. For å få til eit best muleg mottak må ein møte ballen, og tenke på kva det neste trekke skal vere. Ein kan skjerme ballen og mottaket for motstandaren. Finte ut motstandaren eller gjere mottaket raskast muleg slik at ein er forberedt til neste trekk.

 

Ein kan motta ballen langs bakken eller ein kan få den i lufta. Da kan ein ta den ned med bryst, lår, fot og slikt.


 

Ting ein kan gjere for å øve på mottak kan vere: mottak langs bakken. Då må ein møte ballen og ikkje vere for stiv i foten. Ein må ha eit retningsbestemt mottak slik at ein er klar for neste trekk. Skal ein ta ned ballen i lufta må ein eigentleg gjere det samme. Skal ein ta ned ballen med beina må ein opp med foten og bevege foten nedover når ballen treff foten. Her må ein passe på å vere følsom. Ein kan slå ballen til kvarandre gjennom to kjegle så må ein bruke ei retningsbestemt berøring der ein går enten til høgre eller venstre og slår ballen tilbake på utsida av kjeglene.

 

Vending: For at ein skal klare å snu seg med ballen om ein er feilvendt er ein avhengig av ei god vending. For å klare det må ein klare å riste av seg markeringa litt og møte ballen. Ein kan vende med ballen i beina eller på første berøringa på ballen frå ei pasning. Ein kan bruke både innsida og utsida. Om ein skal bruke utsida så berre vrir ein foten litt slik at utsida peikar framover. Så legg ein ballen på utsida av foten og vendar rundt. Ein må passe på å vende heile kroppen raskt slik at forsvararen blir mest muleg sett ut av spel.

 

Øvelsar ein kan bruke for å øve på vendingar kan vere at ein er tre og tre ilag. Så står ein i midten og ein står på den eine sida, mens den andre personen står på den andre sida. En av dei startar med ein ball, så skal han/ho som er i midten møte ballen frå ei pasning og vende. Enten med utsida, innsida eller ein kan vende på andre måtar som å berre hoppe over ballen og snu seg osv.

 

Dribling:

Dribling kan definerast som evna til å passere folk med berre ei føring eller ei finte.

 

Dribling er ganske viktig for meg som ving fordi eg skal ofte komme meg oppover langs kanten og klare å komme meg til innleggs- og skuddforsøk. Det vil seie ein mot ein situasjonar. Det er ganske viktige å klare å utfordre på kanten, ellers så har ein ganske lite å gjere der. Ein må klare å føre ballen i høgt tempo. Det er eigentleg ein av dei viktigaste tinga ein gjer når ein skal utfordre nokon. Har ein høgt tempo og klarar å ha kontroll på ballen er det mykje enklare å utfordre og å komme seg forbi. Har ein mykje fritt rom skal ein føre ballen oppover i bana.

 

Føring: For at ein skal klare å føre på mest muleg effektiv måte må ein passe på forskjellige ting. Ein kan ikkje føre ballen for langt framfor seg om ein motstandar er i nærheiten. Hold ballen nær føta. I opne rom kan ein slå ballen lenger frå seg. Veksl mellom å bruke innsida og utsida for då kan ein lettare finte ut motstandaren. Gjer raske bevegelsar og uventa retningsforandringar. Bruk utsida når ein førar ballen i høgt tempo.

 

<bilde>

 

Her er ein mot ein og to mot ein situasjonane fine og bruke. Når ein kjem førande oppover og prøvar å komme seg forbi forsvararen og avslutte på målet. Når ein kjem to mot ein så er det viktig at ein ikkje slår ballen til medspelaren for seint eller for tili slik at ein møstar den, men at ein ventar til det riktige øyeblikket slik at forsvarsspelaren er utspelt. Forsvararen må passe på å sidestille seg godt og stå riktig plassert. Så fort han/ho ser at angrepsspelaren får ballen litt ut av kontroll skal ein rykke inn og takle ballen.

 

Finting: Det fins mange slags ulike finter. Dei fleste har ei spesiell finte dei brukar. Poenget med finter er at ein skal lure motspelaren sin slik at ein kjem seg forbi. For å gjere det må ein gjere fint relativt kjapt eller vertfall godt. Nokre eksempel på finter er skudd- og pasningsfinta. Ein kan også rett og slett berre bruke kroppen til å finte med. Ein treng ikkje alltid gjere noko spesielt med ballen. Det kan vere at ein latar som ein skal gå til ei side men so endrar ein kjapt retning igjen og går til motsatt side.

 

Eg har nevnt passningsfinta og skuddfinta. Når ein skal utføre dissa så latar ein som ein skal skyte eller passe til ei side, men so tar ein heller med seg ballen i ei anna retning.

 

Heading:

Heading kan definerast som ei ballberøring med hovudet som utførast viss det lønner seg i forhold til å bruke beina eller andre kroppsdelar.

 

Heading er ikkje det viktigaste for meg sidan eg spelar ving, fordi på utsparka så landar ballen som oftast sentralt på midtbana og der er ikkje eg, og eg er som regel ikkje inni 16 meteren på cornara og slikt fordi eg er litt lav. Det kan vere litt viktigare når eg skal heade ballen vekk frå mål for då må eg vere der. Men eg må vere sterk nok både fysisk og psykisk om eg skal klare å vinne hodeduellane. Ein kan ha heading mot mål, heading frå målet og ein kan bruke heading som pasning.

 

<bilde>

 

Stupheading: Når ein skal bruke ei stupheading til klarering frå eiga forsvarssone eller til å heade på mål så må ein først og fremst kaste seg framover. Ein må følle med på ballen og treffe midt på ballen med panna. Ein må passe på at ein ikkje satsar for tidleg eller for seint.

 

Her kan ein vere to stykker med ein ball der dei legge inn til kvarandre framfor eit mål og prøvar å stupheadde ballen i mål.

 

Heading ståande på bakken: Då skal ein stå med ei brei beinstilling, så skal ein følle med på ballen mens ein bøyar overkroppen tilbake og hofta fram. Så når ballen kjem så dreg ein overkroppen fram med henda og hofta og strammar musklaturen i nakke og hals, og treff ballen midt på med panna.

 

Her kan ein lage ein strek som ein skal stå bak. Så hiv ein opp ballen til seg sjølv og prøvar å headde ballen lengst muleg. Beina skal stå heilt i ro her når eg headdar, men dei kan stå i den utgangsstillinga som ein vil.

 

Heading frå lufta: Her må ein følle godt med på ballen og time kor ballen skal lande. Så må ein hoppe opp og eigentleg gjere det samme som i sta, der ein bøyer overkroppen bakover og slår til når ballen kjem. Ein må passe på å få med armane slik at headinga blir kraftigast muleg.

 

Her kan ein gjere det samme, berre at ein hoppar opp og headdar. Eller ein kan bruke eit volleyball nett eller lignande der ein er to og to som headar til kvarandre. Ein skal prøve å hoppe opp slik at ein klarar å heade mest hardast over nettet.

 

Oversikt:

 

Pasning:

  • Lange pasningar
    - Innside, venstre og høgre
    - Utside, venstre og høgre
    - Vrista, høgre og venstre
    - Heading
  • Korte pasningar
    -
    Innside, høgre og venstre
    - Utside, venstre og høgre
    - Vrista, høgre og venstre
    - Heading

Skudd:

- Lodrette vristspark, høgre og venstre

- Innside, høgre og venstre

- Utside, høgre og venstre

- Volley, høgre og venstre

- Heading

 

Mottak:

  • Ball langs bakken
    -
    Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
  • Ball i lufta
    -
    Bryst
    - Lår, høgre og venstre
    - Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
    - Vrist, høgre og venstre

Vending:

  • Vending med ball utan motstandar
    - Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
    - Lår, høgre og venstre
  • Vending med ball med motstandar
    - Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
    - Lår, høgre og venstre

 Dribling:

  • Føring
    - Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
    - Vrista, høgre og venstre
  • Finter
    - Innside, høgre og venstre
    - Utside, høgre og venstre
    - Vrista, høgre og venstre

<bilde>

 

Kilder:

God fotballferdighet boka.

Treningslære boka

Fotball – den store folkeidretten

Untitled

Bildene fann eg på google

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil