Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Festen

Festen

Novelle om en hjemme-alene fest.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.10.2000
Tema
Fest


Snorre hadde fest igjen. Eg var der - som vanleg. Eg var ein sjølvskrevet gjest. Han trengte ikkje ein gong å si at eg var bedt - eg kom uansett. Beate og Lillen hadde eg tatt med og. Lillen satt på kjøkkenet og mixa saman det ho hadde funnet av restar i barskapet til faren til Snorre, og Beate satt på badet og vrengte mageinnhaldet i doskåla. Sjølv satt eg og nippa til glaset med ei blanding av rom, gin og ein liten anelse solo, og fortalde dårlege vitsar til dei mest omtåka som eg satt saman med i tre-seteren.

 

Alt var som det skulle være - Eg var hos Lillen og så på video i kveld - trudde mamma. Eg hadde ikkje tal for kor mange gonger eg skulle ha vore hos Lillen, Mona eller Beate og sett video, og når eg sist sov heime i helga hugsa eg ikkje. Lillen, Mona, Beate og eg var det firkløveret du såg rave fra fest til fest tre dager i helga og som var fyllesjuke til onsdags morgonen. Ingen av oss gjekk på skule saman. Beate og Lillen gjekk forresten ikkje på skule. Lillen var 17 og mangla det meiste, bortsett frå utseende. Ho dreiv dank dagen lang. Ho var ordblind og ikkje akkurat den meist tiltakslystne personenen eg kjenner, så ho hadde foreløpig ingen større framtidsplaner enn å ein dag møte på ein rik advokat som vil forsørge henne for resten av livet.

 

Beate gjekk sånn delvis på skule. Sa ho i allefall. Eg høyrde rykter om at ho prøvde å fullføre eit grunnkurs. Ho sa ingeting sjølv. Ikkje at eg hadde noko tru på at ho kom til å fullføre det - det var alltid noko som kommer i vegen. Ein kjæraste som berre jobba kveldsskift eller ein fyllesjuk far som måtte forsørgast. Truleg håper ho på den same skjebnen som Lillen gjer.

 

Mona skulle eigentleg halde fest denne helga, men allereie under oppvarminga i kvelden før måtte ho sendast på sjukehus for pumping. Ho var den einaste skuleflinke av oss, men ho var til gjengjeld ganske hard på flaska. Overlevde levra hennar den dagen ho fylte 20 var det eit under. Ingen av oss var noko særleg berørte av at Mona kvelden før hadde logge på intensiv avdelinga og kjempa for livet. Det var ute av verda. Det hadde skjedd før og det kom til å skje igjen. Ikkje verdt å bruke krefter på å engste seg.

 

Klokka var enno berre halv ti. Røyken låg som ei tåke over heile første etasjen. Gjekk ein utanfor baderomsdøra kunne ein kjenne stanken av oppkast rive i nesa. Det lukta helg. Alt var slik det skulle vere. Anlegget i stova dundra så bladene på den stakkars potteplanta som hang ned fra taket, skalv.

 

Ei klam og kald hand la seg på skuldra mi. Det var Jørgen. Eg var midt i ein av dei uendelege vitsane mine som fekk alle til å sovne, inkl. meg sjølv, før eg hadde komme til poenget, så det passa eigentleg ganske bra. -Nei men er du her du og da schøta! Han strauk meg over håret og smilte søtt, med hovudet på skakke.. Vanlegvis overså han meg overlegent på skulen. Truleg fordi foreldra mine ikkje var godt betalte juristar, og for at eg budde på feil side av byen. Men kva hadde vel det å seie i kveld? Eg tømte glaset og smilte tilbake…

 

Det gjekk som det pleide å gjere.. Eg var skjenka til siste dråpe. Eg var så og seie dåneferdig då Jørgen drog meg opp av sofaen og vi saman sjangla oss i retning trappa. Eigentleg ville eg bli i sofaen, men protestane kom ikkje lenger enn til tungespissen kor dei døydde ut i eit lite knise anfall.. -Kommer…snart, brølte eg ut og hang meg på Lillen som dansa forbi med ein sneip i handa..

 

Litt av ein kar du har funne deg der! kniste Lillen inn i øyre på meg. Eg berre såg tomt ut i lufta. Eg prøvde å smile, men klarte det ikkje.
-Prøv den her du, så blir du nok betre.

 

No kom Beate og med ein liten sneip munnviken. Eg tvilte eit lite sekund, men tok eit realt drag av han. Lillen såg eg var ivrig og rakte meg resten av sneipen sin, og fiska opp ein ny av lomma.

 

Eg begynte å roe meg no. Jørgen hadde fått med seg ei anna berte opp trappa, og masa ikkje lenger. Eg satt ved bordet og avslutta den tredje sneipen min. Eg vart ikkje svimmel av denne og skulle akkurat til å spørre Beate kva for merke det var då døra vart slengt opp og musikken skrudd av. Snorre tente på alle pluggar og fauk på den uniforms kledde mannen i døra. Snorre var snart i baksetet på politibilen nede ved innkjørselen.

 

Det vart ei lang natt nede på politikammeret. Alle som var mistenkte skulle testast og avhøyrast. Mamma grein då ho høyrde eg hadde røyka hasj. Eg var enno ikke meg sjølv, og prøvde å trøste henne. Ho orka ikkje å bli der, og overlot meg til politiet. Å vere knapt 16 å bli satt at i fyllearresten hadde vore heilt utenkeleg til no. No fekk eg oppleve det.

 

Mamma kom og henta meg neste morgon. Beate satt på heim. Far hennar ville ikkje at ho skulle komme heim. Ikkje enno. Om ei veke var dei kanskje på talefot att. Mamma hadde eksplodert i det sekundet Beate var ute av døra. Ho hadde nok pugga den regla ho gav meg heile natta. Eg hugser ikkje kva ho sa til meg, men eg kan tenkje meg kva det var. Eg var framleis i ein kraftig bakrus, og prøvde og svelge dei inntrykka eg hadde fått. Aldri meir skulle eg på fest. Aldri… Heretter skulle eg bruke helgene til å sjå alle dei video filmane eg hadde gått glipp av…


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil