Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fastlåste frontar - Når hat går i arv

Fastlåste frontar - Når hat går i arv

Oppgave om konflikten mellom Israel og palestinere.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.04.2010


Konflikten i Midt-Austen er ein av dei største og farlegaste konfliktane i verda. Det er svært vanskeleg og få eit overblikk over situasjonen, for aktørane er mange og dei som var vener i går, kan lett vere fiendar i dag. Men ein ting er sikkert, det blir ikkje fred i Midt-Austen før ein har funne ei løysing på konflikten mellom Israel og palestinarane. For det er dette som er stridens kjerne.

 

I denne artikkelen skal eg gjere greie for den historiske bakgrunnen, kva eg trur er dei viktigaste årsakene til konflikten og kva eg trur må gjerast for å finne ei løysing.

 

Konflikten mellom jødar og palestinarar har røter langt bakover i tid. For det jødiske folket har Palestina alltid vore landet som Gud ein gong lova dei. I fleire hundre år budde jødane rundt om i verda, mange av dei med ein draum i hjartet om å kunne flytte ”heim” til Palestina. Den andre verdskrigen var ein tragedie, seks millionar jødar blei drepne. Dette skapte sjølvsagt ei bølgje av sympati  for folket som hadde tapt så ufatteleg mykje. Det var ein av dei viktigaste grunnane til at FN oppretta staten Israel i 1948.


 

Jødar i tusental strøymde til det nye landet. Men det var eit stort problem som nesten ingen snakka om. Det lova landet hadde ikkje stått tomt og venta på jødane. Det budde folk der. Palestinarar som dyrka jorda, hadde sin familie og sin kvardag. Mange av desse måtte forlate jorda si, barndomsheimen sin og flytte inn i flyktningleirar. Mange av dei er der framleis, saman med barn, barnebarn og oldebarn. Grunnen til at mange blei flyktningar var FNs plan som delte landet i to nokså like store delar. Det høyres rettferdig ut, men det budde mange palestinarar i dei delane av landet som skulle bli Israel. Og kvar skulle dei gjere av seg? Dei måtte flytte frå alt dei hadde.

 

PLO (den palestinske frigjeringsorganisasjonen) blei oppretta i 1965. Leiaren deira, Yassir Arafat, starta geriljakrig mot Israel og draumen var ein eigen palestinsk stat. Arafat  knytte alltid palestinaskjerfet sitt slik at det forma eit kart av det etterlengta landet og han avslutta alle samtalar med gode vener med å seie ”Next year in Jerusalem”, eit klart hint om kva han oppfatta som hovudstaden i Palestina. Han var karismatisk, elska og hata. Dei aller fleste vestlege land oppfatta han som ein terrorist på 70-talet, men etter kvart blei han meir og meir akseptert som ein statsleiar og likevektig motpart til leiarane i Israel. Men mange palestinarar meinte at Arafat var altfor tålmodig, og stadig fleire meir radikale geriljagrupper kom til. Terroråtaket under OL i München i 1972 var ein av fleire alvorlege terroraksjonar som sette palestinarane i eit dårleg lys verda over og som gjorde at striden mellom jødar og palestinarar blei om mogleg enda meir tilspissa enn før.

 

Nyheitssendingane dei siste åra har vist at det ikkje er så mange teikn på forsoning. Hamas sender rakettar inn i Israel og lar unge menneskjer døy martyrdøden i sjølvmordsaksjonar, heilt overtydde om at dei gjer det rette, både for Allah og for folket sitt. Israel stengjer palestinarar inne med høge murar og lar dei stå i kø i timevis kvar morgon når dei skal på jobb i Israel. Dei byggjer nye hus lenger og lenger inn på dei palestinske områda og for eit år sidan bomba dei Gaza-stripa og tok med det livet til 1400 palestinarar.

 

Dei viktigaste årsakene til konflikten er sjølvsagt å finne i historia. Det har skjedd så mykje vondt over så lang tid at hatet har fått gro og verkeleg feste seg. Dei to partane skriv historia på heilt forskjellig vis. For jødane var opprettinga av staten Israel eit teikn frå Gud, for palestinarane var det eit utilgjeveleg overgrep. For Israel var åtaket på Gaza i fjor ein rettferdig måte å slå tilbake på etter rakettåtaka frå Hamas, for palestinarane var det nok eit overgrep frå ein overlegen krigsherre. Og slik er det heile tida; forskjellig historiesyn, forskjellig syn på kven som har rett og feil. Frontane er så fastlåste.

 

Mange, mange palestinske ungdommar har vakse opp i flyktningleirar. Familiane deira har levd slik i fleire generasjonar. Hatet mot Israel går i arv. Ungdommane får høyre bestefars skrekkhistorier frå den gong han var gut og familien hans blei drivne bort frå appelsinlundane sine. Når dei ser unge kvinner som føder barn mens dei står i den milelange køen for å komme ut av leiren, er det ikkje rart dei begynner å gjere opprør. I flyktningleirane er det ikkje langt frå steinkasting til terror og sjølvmordsbombing. Barna der blir lært opp til å hate. Barn i Israel blir lært opp til å frykte. Foreldra deira malar eit bilete av palestinarar som dei vonde, terroristane, dei som truar oss og det gode livet vårt. Og så spør folk kvifor det er krig og fiendskap mellom desse to? Spør du meg, kan det bli krig av mykje mindre enn dette.

 

Går det verkeleg an å ha eit nøytralt syn på kven som må bære eit hovudansvar for denne konflikten? Er Israel undertrykkaren eller den som blir undertrykt? Dei ser jo på seg sjølv som eit undertrykt folk, men er dei det no lenger? Det ligg ein frykteleg ironi i at ei folkegruppe som har lidd meir enn dei aller fleste, sjølv kan oppføre seg som eit herrefolk. Israel har meir av alt, meir pengar, større velstand, større militærmakt. Eg har nok vanskeleg for å forstå anna enn at den største og sterkaste alltid må bære det største ansvaret. Eg meiner at den steile haldninga til Israel er ei viktig årsak til at konflikten er så låst.

 

Israel har mange mektige vener, det har ikkje palestinarane. Israel spiller på lag med den største ungen på leikeplassen; USA. USA er den eg meiner har størst moglegheit til å skape fred mellom Palestina og Israel. Israel er avhengig av stormakta, både økonomisk og moralsk. Økonomisk har USA vore utruleg viktig for utviklinga i Israel. Utan den store økonomiske støtta frå amerikanarane, hadde ikkje Israel vore den militære stormakta dei er i dag. USA har også vore deira viktigaste politiske alliansepartnar. Den såkalla ”Israel-lobbyen” i USA er svært sterk. Den består av mektige, jødiske forretningsfolk som politikarene må halde seg inne med. Dette gjer at det ikkje er spesielt lett for ein amerikansk president eller utanriksminister å tale palestinarane si sak. Då kan dei miste politisk makt. Eg trur ikkje konflikten blir løyst før USA legg mykje meir press på Israel. Kanskje er det ikkje så mykje som skal til for å sette i gang prosessen? Hadde det kanskje vore nok om Barack hadde sagt nokre velvalde ord om amerikanaranes sympati for palestinarane, eller litt mild kritikk av Israels oppførsel. Eg trur nok Israel er svært redd for å miste støtte frå USA. Kanskje meir redd enn dei er for palestinarane?

 

Det er svært lett å komme med naive fraser av typen  ”nå må alle leggje godviljen til og slutte fred” eller ”kan dei ikkje bare vere vener då?”  Det skal dessverre mykje meir til enn som så. Eg trur ikkje det blir noko varig fred i Midt-Austen før palestinarane har fått ein eigen stat som dei styrer heilt sjølv og som er så stor at det er mogleg å leve eit anstendig liv, ikkje oppå kvarandre i leirar. Men skal det skje, må Israel gje mykje og alle veit at det er et godt stykke igjen før det blir slik. Og det er berre ein måte dette kan skje på, trur eg. Barack må krevje det av dei. Kor realistisk det er, er det svært vanskeleg å seie noko sikkert om, men det er lov til å håpe.

 

Eg vil avslutte denne artikkelen med eit sitat frå Israels første statsminister, David Ben-Gurion:  

”I Israel må man, hvis man vil være realist, tro på mirakler.”


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil