Et kåseri om fotball

Dette kåseriet handler om min mening om fotball.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.04.30
Tema
Fotball

Fotball har jo blitt den mest populære sporten i verda nå til dags. Men, eg er ikkje ein spesiell fotball entusiast, og skjønar ikkje heilt poenget med at 22 fullvaksne menn skal springe etter ein ball, og prøve å sparke den i eit nett? Nå til dags verkar det som om 90% av befolkninga i verda likar fotball. Fotball har nestan blitt til ein slags religion, der de tilber ein eller annan kjend fotballspelar som til dømes Maradonna. Det vil seie at 90% av dei som bur på denne jordkloden likar å sjå 22 sveitte menn eller kvinner halse rundt på ein grasbane og jage etter ein ball i 90 minutt. Kvifor ikkje gje alle kvar sin ball, så alle blir nøgd?  Medan spelarane laupar rundt etter ballen er det som oftast ein svett mann på sidelina som skrik høgt kva for ein retning spelarane skal springe, og kor udugelege spelarane er. Denne mannen blir kalla ein trenar. Men han er tydeligvis veldig dårlig til å trene spelarane, for det skal tydeligvis ikkje meir til enn eit dunk i skuldra for at ein spelar legg seg ned på bakken, tek seg til beinet og let som om han har ekstrem smerte. Og så ropar han etter straffe. Nei, nei, det er vel like greit at vi menneske er ulike. Det ville jo vore litt kjedeleg viss det einaste programmet som gjekk på tv’n var fotball.

 

Ja, så var det dette med fotball på tv. Det er jo så mykje sport på tv’n nå for tida. Held det ikkje med at det blir laga gigantiske fotballstadionar som kostar fleire hundre millionar kroner, og der det kanskje er plass til 100 000 menneske? I staden for å sløse med pengar på å lage ein så stor fotballbane som ikkje blir brukt meir enn ein gang i veka, kan vi vel heller nytte mer penger på helse og omsorg? Det er ikkje rart at levestandarden i ”fotballand” er så låg når alle pengane går i vei på fotball! Men dei tek det ganske seriøst, desse fotballfolka. Fotballbanane er så nøyaktig klipt at ein skulle tru at dei ble klipt med saks. Og så er det fotballane. Kvart år kjem det ut nye fotballar, som skal vere betre enn dei frå året før. Eg las ein plass at fotballen til VM i Afrika blei testa i vindtunnel så dei kunne minske luftmotstanden for å oppnå bedre flyt gjennom lufta. Nei, det var enklare før i tida, då det var ei god gammel lærkule som ble brukt, og kampene ble spela på ei enkel og grei slette.

 

Det er ikkje lenger som om nordmenn er fødde med ski på beina. Nei, nå er det heller som om nordmenn er fødde med ein fotball mellom føtene. Det er ikkje som før i tida, der vi blei teke med på lange skiturar opp i fjellet. Nei, nå er det slik at med ein gong du er fylt 5 år, melder foreldrene dine deg inn i idrettslaget for å spele fotball, uansett om du likar det eller ei. Nokre menneske, som til dømes meg sjølv, er ikkje skapt for å spele fotball. Ein av grunnane er at eg forstår kor idiotisk det ser ut når vi jager ein ball. Den andre grunnen til at jeg ikkje likar fotball er vel at eg hverken er spesielt rask, eller særleg teknisk med ballen. Men, viss eg hadde vore flink i fotball, så hadde eg vel halde fram med det for å gjere ein karriere innan fotball. Eg veit ikkje kor mykje pengar ein fotballspellar i til dømes Manchester United tener. Men det er mykje, kanskje fleire hundre millionar kroner i året. For å seie det slik, du kan leve godt med den løna du får der. Men, dette er berre for dei få utvalde. Resten av verda må vere nøgd med å sitje å sjå på desse utvalde jage rundt - om ein då ikkje er blant dei 10% som heller vil nytte tida til nok omeir nyttig...

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst