Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Einsemd

Einsemd

Livet til Lisa. Ikke akkurat et drømmeliv, eller?

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
30.01.2011


Mitt namn er då Lisa. Eg er 16 år og har akkurat begynt på vidaregåande. Det du no skal få lese, er da om livet mitt. Livet mitt er ikkje sånn som alle andre 16 åringar sitt. Dei har ein familie å koma heim til, dei har folk som bryr seg om dei, og er glad i dei. Eg har ikkje det eg. Faren min er alkoholikar og voldeleg. Kvar dag når eg kjem heim frå skulen, er det berre kjefting og styr. Han kastar ting etter meg, luggar meg, tar tak å ristar i meg, slår meg og mykje meir som ikkje trengst å nemnast.

 

Eg har ei dagbok som eg brukar og skrive tankane mine i. Det lettar litt på trykket, men det forandrar ingenting.

 

«Kjære dagbok. Idag var dagen akkurat som alle andre. Heilt for jævlig. Far slo meg, han klikka på meg fordi eg hadde gløymt å sette ein kopp i oppvaskmaskina. Skuledagen var også den same. Alle sendte stygge blikk på meg, stengde meg ute og prata skit. Vi hadde ei matte prøve idag. Den gjekk veldig bra trur eg. Håpar på ein 5'ar eller kanskje til og med ein 6'ar :) Men no må eg lage middag før det rablar for far igjen.
-Lisa.»


 

Etter at eg hadde lagd middag og ete, vaska eg opp. Far for på ein bar, som vanleg. Eg hadde kjøpt ingrediensar til brownies, så eg lagde det. Når den var ferdig, delte eg opp nokre stykkje, tok med meg ei stort glas mjølk, satt meg i sofaen og slo på ein film. Eg hadde sovna under filmen. Plutseleg vakna eg av eit slag i fjeset.

«Ta å rydd opp att rotet ditt med ein gang din lille dritunge!» sa han.

Eg hoppa opp av sofaen og rydda så fort som eg aldri hadde rydda før. Eg hadde sølt mjølk såg eg, så eg sprang å henta ein vaskeklut.

 

Når eg var ferdig sprang eg inn på kottet. Der hadde eg ein stol. Ingen andre ting var inne der. Kun stolen min. Inne der følte eg meg trygg. Eg låste døra og satt meg ned, og eg kjente gråten kom. Eg heldt den ikkje igjen. Eg tok fram barberbladet mitt som eg hadde gøymt i ei lita eske inne der. Eg kjente smerta kom. Eg så blodet som rant nedover handa mi. Eg følte meg levande. Eg følte at eg var der, eg er verkeleg i live. Far, ja han låg på sofaen, sørpe drita. Sjølv om han høyrde meg gråte, så brydde han seg ikkje. Det gjor enda vondare å tenke på at mamma døydde på grunn av han. Han slo ho ihel. Mens eg tenkte på det, så kjente eg at bladet for djupare ned i handa. Eg måtte stoppe. Blodet rann å rann å rann. Eg hadde heldigvis ein tørkerull inne der. Eg tok skjerfet mitt og knytte det rundt, så eg fekk stoppa blødinga.

 

Neste morgon vakna eg og kjente meg veldig slapp. Eg såg ned på handa mi. Det hadde blødd kraftig igjennom skjerfet mitt. Eg kasta skjerfet i søpla, henta papir og ein bandasje. Når eg hadde fiksa det, kledde eg på meg og ordna meg. Eg fann fram veska mi og pengane. Sidan det var laurdag, så skulle eg ta meg ein tur på kjøpesenteret. Eg la igjen ein lapp på kjøkkenbenken til far.

«Eg er på kjøpesenteret. Treng nye klede. Middagen står i kjøleskapet. - Lisa.»

 

Eg gjekk til busstoppen og venta. 10 minutt seinare kom bussen. Når eg kom fram, så for eg å kjøpte meg mat. Eg satt meg ned på ein benk og åt. Når eg var ferdig gjekk eg på klesbutikken. Eg kjøpte meg nye bukser, t-skjorter og genserar. Når eg var ferdig inne der, gjekk eg på eit tattoo- og piercing studio. Eg skulle ta hol i leppa. Når eg var ferdig der for eg heim att. På veg heim så møtte eg på nokon frå skulen.

 

«Hei stygga. Vert og kjøpt deg emo klede no da?» ropte den eldste av dei.

 

Eg berre fortsette å gå mot bussen. Eg kjente tårane prøvde å trenge seg ut. Men eg måtte halde igjen. Eg måtte for all del ikkje vise dei at eg var ei pyse. At eg ikkje tålte nokon ting. Einaste eg tenkte på no var, kvifor? Kva har eg gjort for å fortene dette? Eg har jo ikkje gjort dei noko, heller ikkje sagt noko. Er vel berre sånn at eg vart født til å vera åleine. Født til å døy aleine.

 

Når eg kom heim att, var ikkje far heime. Eg kasta posen med klede i senga, og låste meg inn på kottet. Igjen, så tok eg fram barberbladet. Denne gongen gjekk det utover låret mitt. Igjen kjente eg smerta kom, og såg blodet rann. Det var den beste følelsa eg visste. Eg er verkeleg levande. Eg er eit liv. Eit menneske.

 

Søndagen bestemte eg meg for å flytte. Eg skulle bytte skule, og eg skulle bu åleine på hybel. Eg logga meg inn på internett og begynte å søke. Eg fann ein ledig hybel som var rimeleg og passa perfekt for ein person. Og det var ein skule like ved. Eg ringte han som eige hybelen å spurde om eg kunne komme og få sjå på den. Det var heilt i orden sa han. Etter eg hadde snakka med han, så ringde eg skulen. Eg spurde om eg kunne få begynne der etter haustferien. Det ordna seg til slutt, og eg fikk plass. Haustferien var om ei veke. Veka gjekk, å på den fredagen tok eg bussen for og sjå på hybelen. Den låg cirka ein og ein halv time unna. Når eg kom fram, sto mannen der og venta. Han tok meg med inn og viste meg rundt. Eg tenkte for meg sjølv at her ville eg bu. Det var akkurat sånn eg hadde sett det for meg. Så avtalte eg med mannen om leiga osv. Han gav meg nøkkelen og sa at eg berre kunne flytte inn når eg ville det. Så tok eg bussen heim att.

 

Når eg kom heim, begynte eg og pakke kleda mine. Når eg var ferdig med det, pakka eg ned PCen og dei andre tinga eg trengde. Far var fortsatt ikkje heime, så eg tok bussen til hybelen å begynte å flytte inn. Når eg hadde tatt kleda i klesskapet, sett opp PCen og bilda mine osv, tok eg bussen tilbake og henta resten av tinga mine. Like før eg skulle fare til hybelen låste eg døra til kottet, kasta nøkkelen og skreiv eg ein lapp til far.

«Takk for at du har øydelagt livet mitt. Eg har flytta for godt no, å du får aldri kontakt med meg igjen. Brenn i Helvete ditt forbanna svin! - Lisa!»

Så tok eg bussen, for siste gang derifra.

 

Neste morgon vakna eg av at sola skein inn soveroms vindauge. Eg strekte meg og sto opp. Tok på meg morgonkåpa, lagde meg ein kopp kakao og satt meg i sofaen. Eg slo på TVen for og sjå om det var noko bra på den. Det var ingenting på TVen så eg slo av. Eg begynte å tenke på far. Så tok eg telefonen å ringte politiet. Eg sa alt han hadde gjort mot meg, mot mor og andre. Eg gav dei adressa, og sa at dei måtte bure han inne no! Dei høyrde faktisk på meg.

 

Eg gjekk på badet og tappa oppi badekaret. Tømde oppi lavendelolje og tente te lys. Etter eg var ferdi, fyrde eg opp i omnen og laga middag. Mannen som eige hybelen kom og ringde på døra.

 

«Hei hei! Eg lurte berre på om du likte hybelen?» sa han med ei snill og rolig stemme.
«Ja! Eg stortrivst! Var veldig koseleg og vakne til at sola skein in vindauget.» svarte eg.
«Ja det var jo da bra! Eg bur rett borti her, så visst du lurar på noko er det berre og kome bortom!» sa han og smilte.
«Ja, det skal eg gjere!» svarte eg.

 

Så fortsette eg og lage middag. Når eg var ferdig, rydda eg opp og satt meg på PCen. Eg søkte i telefonkatalogen etter ein psykolog. Så ringde eg og bestilte time. Eg ville få orden på livet mitt. Eg ville bli kvitt far frå livet mitt, alt det vonde og starte på nytt. Eg fekk ei dame som heitte Karin Solberg. Utpå kvelden kjende eg at eg vart veldig trøytt. Så eg gjekk å la meg.

 

Neste morgon var det første dag på den nye skulen. Eg gledde meg sjukt mykje. Eg hadde så kort veg at eg kunne gå dit. Så eg sto opp, dusja kroppen, lagde meg frukost og pakka sekken. Når eg kom fram, gjekk eg på rektor sitt kontor. Eg fekk vete kva klasse eg skulle gå i, kva lærarar eg fekk og kva klasserom som var kva. Eg gjekk inn på det klasserommet eg skulle ha. Der var læraren min. Eg helste på han. Han heitte Karsten Gran. Han var kjempe hyggeleg. Eg fekk plass, hylle og bøker. Heldigvis så kunne eg stoffet dei hadde om, så det var ikkje så vanskeleg og komme seg inn i stoffet. Så ringde de inn, og dei andre elevane kom. Eg la spesielt merke til ein av gutane. Han var kjekk og hadde same stil som meg. Eg fant ut at han satt på same pult som meg. Så måtte eg jo opp å presentere meg.

 

«Hei, eg heiter då Lisa og er ny her. Eg flytta hit for ei veke sidan og skal da gå studiespesialisering her. Er ikkje så mykje å seie om meg, så er det noko er det berre og spørje.» sa eg og smilte litt diskret. Så gjekk eg og satt meg ned igjen. Eg såg på han og smilte. Han smilte tilbake. I friminuttet kom folk bort til meg og helste på meg. Eg fekk ei følelse om at her kom eg til å trivast. Så kom han kjekke bort og begynte å prate med meg.
«Hei, eg heiter Robin Hauge. Hyggeleg å møte deg» sa han med det søtaste smilet eg nokon gong hadde sett.


«Hei. Lisa her. Hyggeleg å møte deg og. Kanskje du kunne ha vist meg rundt sidan eg er ny her? Du må ikkje, men det hadde vert litt kjekt å bli litt betre kjent med nye folk og skulen.» sa eg og såg litt sjenert ned i bakken.

«Sjølvsagt kan eg det! Ikkje noko problem.» sa han og smilte breitt.

Så viste han meg gymsalen, naturfag rommet, biblioteket, kantina og andre viktige rom. Så satt vi oss ned i kantina og prata.

«Så, kva hobbyar har du?» spurde eg.

«Eg spelar bass i eit band, teiknar, heng med vennar og høyrer på musikk. Du da? Spelar du noko instrument? Kva musikk høyrer du på?»

«Ah. Hørest kjekt ut! Eg teiknar eg og. Nei, eg spelar ikkje noko instrument. Men har alltid villa lært meg å spelt bass faktisk. Eg høyrer for det meste på hardrock, metalcore og sånt. Du da?»

«Så tøft! Eg og høyrer på hardrock og metalcore osv. Visst du vil, så kan eg lære deg det?»

«Meinar du det? Det hadde vert kjempekult!»

«Ja, vi kan finne ein fast dag i veka så vi kan møtes. Kva med tirsdag?»

«Tusen takk! Tirsdag passar bra. Gledar meg allereie!»

 

Så ringde det inn. Vi hadde matte og norsk resten av dagen. Etter skulen så for eg heim att. Eg lagde meg mat og slengde meg på sofaen. Eg kunne ikkje stoppe og smile. Eg var glad. Folka på skulen respekterte meg for den eg va, alle var kjempe hyggelege, eg hadde møtt ein som hadde same musikksmak, same stil, same interesser osv. Eg trudde aldri eg kom til å bli glad i å leve, men no er eg det. No gledde eg meg til imorgon, for da skulle eg vere med Robin. På kvelden såg eg ein film, når den var ferdig, gjekk eg å la meg.

 

Neste dag, sto eg opp med det gliset. Eg var overlykkeleg. Så gjekk eg til skulen. Eg satt meg ned på plassen min. Så kom Robin og dei andre. Etter vi var ferdige på skulen, vart eg med Robin heim. Han hadde ordna til pizza deig og kjøpt fyll. Så først lagde vi pizza ilag. Mens vi åt pizza snakka vi om musikk og banda vi likte. Han sa at han hadde to billettar til Bullet For My Valentine konserten som var om ein månad. Han spurte om eg ville bli med. Eg ELSKAR Bullet For My Valentine! Eg vart heeeeeeeilt i sjokk. JA! JA! JA! Sjølvsagt ville eg bli med! Å herregud tenkte eg. Eg gav han ein stoor klem. Etter vi hadde ete, begynte han og lære meg å spele bass. Når vi var ferdige, måtte eg heim å gjere leksene mine. Han fulgte meg til døra og gav meg eit kyss på kinnet. Eg vart heilt varm inni meg. Så smilte eg, sa hade og gjekk.

 

Når eg kom heim hoppa og dansa eg rundt i huset. Eg hadde ikkje ord til å beskrive korleis eg hadde det. Eg la meg i badekaret og slappa heilt av. Når eg var ferdig, så gjekk eg og lagde meg kakao og omelett. Sat meg i sofaen og såg på frustrerte fruer. Når det var ferdig, satt eg tallerkenen og koppen i oppvaskmaskina, vaska kjøkkenbenken og rydda stuebordet. Så gjekk eg å la meg.

 

Plutseleg vakna eg av at nokon slo meg i ansiktet å skreik til meg. Det var far. Alt var berre ein draum..

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil