1. verdskrig 1914-1918 (Skyttargravskrigen)

Innlevering om 1. verdskrig.

Karakter: 5.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.09.18

Innhold

Innleiing
Dei mellom-statlege forholda i Europa i 1914
Skota i Sarajevo
Følgjene av skota i Sarajevo – utbrot av krig
Skyttargravskrigen
Russland og den 1. verdskrigen
USA blir ein del av krigen
Den 1. verdskrigen utanfor Europa
Livet bak fronten
Tyskland kapitulerer -1. verdskrig er slutt
«Oppgjerets time»
Evig fred i verda?
1. verdskrigen. Ein verdskrig eller ikkje?
Noreg og den 1. verdskrigen
Kjeldeliste

 

Innleiing

I denne innleveringa skal eg skrive om den første verdskrigen, korleis og kvifor den starta, korleis krigen arta seg og om tida etter krigen. Eg vil også ta for meg verknadane av den 1. verdskrigen.

 

Dei mellom-statelege forholda i Europa i 1914

Forholda mellom dei viktigaste europeiske landa hadde i mange år vore ampert, og alt anna enn vennskapeleg. Tilhøvet mellom Frankrike og Tyskland er eitt godt døme. I 1870 tapte Frankrike ein krig mot Tyskland, og mange franskmenn ynskte å gjenopprette nasjonens tapte ære.

 

Forholdet mellom Storbritannia og Tyskland var også på bristepunktet. Britane mislikte Tyskland si auka oppbygging av sjøstridskreftene sine. For britane var det viktig at landet deira hadde den største krigsflåten i Europa. Øyriket Storbritannia ynskte trygg skipstrafikk på hava sidan all handel med andre land og kontakt med dei britiske koloniane måtte gå sjøvegen.

 

Mellom Austerrike- Ungarn og Russland var det også gnisningar. Her var det etniske undertonar. Austerrike-Ungarn hadde mange slaviske innbyggjarar. Slavarar er eit samleomgrep for ei rekkje folkeslag i Aust-Europa, som har felles opphav og ein finn også store fellesnemnarar i språket og kulturen til dei slaviske folkeslaga. Den russiske tsaren såg på seg sjølv som overhovud for alle slavarane sidan Russland var det største slaviske landet, og mislikte at den austerriksk-ungarske keisaren regjerte over så mange slavarar. Dei styrande i Austerrike-Ungarn ville ikkje godta dette og såg på dette som utidig innblanding i indre nasjonale forhold.

 

Den kanskje viktigaste grunnen til dei dårlege mellom-statlege forholda i Europa, var kampen om nye koloniar andre verdsdelar. Det var fleire gonger det nesten braut ut krig mellom dei konkurrerande europeiske kolonimaktene i kampen om nye landområde. Tyskland låg langt bak Storbritannia og Frankrike i kampen om kolonisering av framande landområde. Dei to leiande europeiske kolonimaktene såg med uro på Tyskland si oppbygging av krigsflåten sin jfr. avsnitt nr. 2 i dette kapittelet. Storbritannia og Frankrike mistenkte Tyskland for å ville ta over koloniane som desse to landa hadde, med militærmakt.

 

Alle konfliktane eg no har skreve om førte til ei omfattande militæropprusting i dei involverte landa. Utgiftene til land- og sjøstridskreftene auka i åra før 1914 i dei viktigaste europeiske statane. Landa var budde på krig og såg på kvarandre med argusauge og mistenksamheit.

 

Med alle desse konfliktane som bakteppe var skota i Sarajevo, som eg vil ta for meg i neste kapittel, dråpen som fekk begeret til å renne over.  

 

Skota i Sarajevo

Ein seier gjerne at det var skota i Sarajevo 28. juni 1914 som starta den første verdskrigen. Sarajevo var hovudstaden i Bosnia-Hercegovina som var ein del av keisarriket Austerrike-Ungarn. I regionen med Sarajevo som hovudstad var det mange etniske folkegrupper, mellom anna folk av serbisk opphav.

 

Kronprins Frans Ferdinand i Austerrike-Ungarn var på vitjing i Sarajevo saman med kona si, Sophie. Ein 18 år gammal skulegut, Gavrilo Princip, hoppa opp på stigbrettet på bilen dei køyrde, og drap begge to med fleire dødelege skot. Før denne hendinga, medan kronprinsparet var på veg til rådhuset, eksploderte det ei bombe der ein offiser vart så skada at han måtte på sjukehus. Det var medan kronprinsparet var på veg til sjukehuset for og sjå til den skadde offiseren at dei dødelege skota fall. Princip prøvde å sluke gift når flokken av folk greip tak i han, men han kasta opp alt saman. Attentat mannen var medlem i ei terroristgruppe som kalla seg for «Den svarte handa». Denne terroristgruppa kjempa for at Bosnia-Hercegovina skulle gå ut av det Austerriksk-Ungarske keisarriket og verte ein del av Serbia. Som tidlegare nemnt i denne oppgåva, var mange av dei som budde i Bosnia-Hercegovina, av serbisk opphav.

 

Følgjene av skota i Sarajevo – utbrot av krig

Fordi terrororganisasjonen «Den svarte handa» hadde samband på høgt plan med den serbiske staten, skulda Austerrike-Ungarn Serbia for drapet, og truga landet med krig. Landa prøvde å komme til semje seg i mellom, men det var mektige grupperingar i Austerrike-Ungarn som berre leita etter ein grunn til å gå til åtak på Serbia. Mordet på Frans Ferdinand hadde gitt dei den grunnen dei hadde bruk for.

 

Vesle og svake Serbia hadde ein stor og mektig alliert venn, Russland, som no vart beden om hjelp. Russland var i allianse med to andre viktige europeiske statar, Frankrike og Storbritannia. Austerrike-Ungarn var alliert med Tyskland.

 

28. juli 1914 proklamerte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Dei europeiske stormaktene vart i tur og orden dregne inn i dei militære handlingane, ut frå alliansane som det er gjort greie for i førre avsnitt. Austerrike-Ungarn og Tyskland vart kalla for sentralmaktene. I løpet av krigen fekk sentralmaktene støtte frå Bulgaria og Tyrkia (det osmanske riket). Russland, Frankrike, Storbritannia, Finland og Serbia vart kalla for ententen. Desse landa fekk etter kvart støtte frå Romania, Hellas, Italia, Portugal og sist, men ikkje minst, USA. Dei tre nordiske landa, Noreg, Sverige og Danmark greidde og halde seg nøytrale gjennom heile krigen og vart derfor ikkje deltakarar i den blodige konflikten. Noreg sin situasjon under den 1. verdskrigen vil eg komme attende til i eit seinare kapittel.

 

 

<bilde>

Kart over det Austerriksk-Ungarske riket i 1914.

 

<bilde>

Oversikt over Sentralmaktene med allierte, ententen med støttespelarar og statar som var nøytrale heile krigen.

 

Skyttargravskrigen

Dei stridande og folk flest trudde dette skulle verte ein kortvarig krig, men det skulle gå 4 ½ år og 10 millionar drepne, før det heile var over.

 

Tyskland hadde ein vanskeleg krig å føre fordi landet måtte kjempe på to frontar. Den tyske krigsmaskina ville først nøytralisere Frankrike, for deretter å kunne konsentrere seg om Russland. Dette fordi dei tyske militære leiarane rekna med at Russland ville bruke lang tid på å få sine stridande fram til krigsskodeplassen. Denne taktikken lukkast Tyskland nesten med, men like nord for Paris, ved ei elv med namn Marne, vart den tyske frammarsjen stoppa under eit voldsamt slag. Over ein million soldatar var med på kvar side i det blodige slaget.

 

Etter dette grov soldatane seg ned i skyttargraver. Desse skyttargravene strekte seg heilt i frå Sveits til Atlanterhavskysten. Livet i skyttargravene var forferdeleg og tapet av menneskeliv var enormt. Over 2 millionar soldatliv gjekk tapt i to store, forferdeleg slag ved Somme og Verdun i Frankrike. Men det var ikkje berre fiendens våpen som drap soldatane. Det var alvorleg fare for å drukne i gjørme i skyttargravene. Mange døyde då pga. dette. Moderne medisinar, som smertestillande tablettar og antibiotika, var enno ikkje oppfunne. Derfor var det mange som lei av sårfeber og andre infeksjonar. Soldatane levde ikkje akkurat luksus, der dei låg og kjempa nede i skyttargravene. Dei levde blant rotter, lus og møkk og det var elendige sanitære forhold pga. mangel på latrinar. Pga. dette braut det ut opprør blant soldatane. Derfor er det ikkje noko rart at mange prøvde å rømme frå livet i skyttargravene. Men som elles i krigar vart ofte opprør og desertering straffa med dødsstraff.

 

<bilde>

Kartet viser frontane i den første verdskrigen.

 

Russland og den 1. verdskrigen

Russland hadde lite medgang og store tap av menneskeliv i krigen mot Tyskland og Austerrike-Ungarn. Etter under eit halvt års krigføring var halvparten av Russland sine soldatar sette ut av spel fordi dei enten var drepne, skadde eller tekne til fange. Det var dårlig leiing av krigen på russisk side og pessimismen spreidde seg. Mange av soldatane var lei av krigen og reiste heimatt. Mange av dei var bønder og ville heller få i hus avlingane sine enn å krige mot framande folk som dei ikkje hadde noko uoppgjort med.

 

I dei største byane i Russland var det store streikar og demonstrasjonar som i 1917 kulminerte i den russiske revolusjonen. Russland trekte seg etter kvart ut av krigen og inngjekk fredsavtale med Tyskland og Austerrike-Ungarn. Men minuset med dette var at landet måtte avstå 30 % av landområdet sitt, mellom anna Estland, Latvia, Litauen og delar av Polen.

 

USA blir ein del av krigen

Stormaktene Storbritannia og Frankrike prøvde med handelsblokade mot Tyskland. Den britiske marinen blokkerte den tyske kysten slik at leveransar av varer ikkje kunne komme til landet sjøvegen. Også nøytrale land som Noreg, vart pressa av ententen til og selje minimalt med varer til Tyskland. Resultatet vart, som alltid ved handelrestriksjonar og blokade, at tyskarane svalt og hadde det vondt.

 

Tyskarane sitt svar på handelsblokaden var krig med ubåtar. Også handelsskip frå nøytrale land som USA og Noreg vart senka. Ein av grunnane til at USA vart med i 1. verdskrig var at passasjerskipet Lusitania vart torpedert av tyske ubåtar. Dette skjedde i 1915, og mange av dei 1200 passasjerane var amerikanarar. Amerikanarane flest meinte at Europa burde ordne opp i sine eigne problem sjølv, men etter tap av så mange amerikanske menneskeliv endra folk synet sitt på dette.

 

Det nest siste året av krigen, 1917, erklærte presidenten i USA, Woodrow Wilson, krig mot Tyskland. I det siste året av krigen vart til saman 4 millionar friske og utkvilte amerikanske soldatar sette inn krigen mot Tyskland. Grunnen til at USA kom med i krigen var, som tidlegare belyst, at tysk marine byrja å senke både amerikanske og handelsskip frå andre nøytrale land.

 

På grunn av USA sitt store tal på utkvilde soldatar, vart det ein relativt rask slutt på krigen. Landet kunne vidare vere med å diktere fredsvilkåra overfor Tyskland. Dette vil eg kome tilbake til i eit seinare kapittel.

 

Den 1. verdskrigen utanfor Europa

Etter ei stund gjekk det osmanske riket, med på tysk side. Britane fekk då medgang i Midtausten. Både britane, franskmennene og russarane oppmoda arabarane, armenarane og kurdarane til oppstand. Til gjengjeld vart desse folkeslaga lova eigne nasjonalstatar etter at krigen var vunnen.

 

Det var tyske koloniar i Afrika på denne tida. Dei tyske koloniane var tysk Kamerun, Togo, tysk Sørvest-Afrika og tysk Aust-Afrika.

 

1. verdskrigen spreidde seg til Afrika fordi ententen frykta at dei tyske koloniane kunne verte baser for vidare åtak mot britiske og franske koloniar i Afrika.

 

Livet bak fronten

Det var flest menn og mannlege ungdommar som opplevde alt det grusomme ved fronten, men også ein del kvinner melde seg til teneste i krigen, særleg som sjukepleiarar. Dei fleste kvinnene stod ikkje i fare for å bli drepne eller bli invalide slik som menn. Sidan store bombefly som kan ligge storbyar i tusen knas enno ikkje var oppfunne, kunne sivile føle seg nokså trygge.

 

Mange kvinner gjekk i redsle for å miste sine mannlege slektningar ved fronten. Dessutan hadde dei lite pengar. Mange kvinner tok seg jobb for første gong pga. lite tilskot av økonomiske midlar frå staten. Dessutan var det ikkje vanskeleg å få seg jobb heller, fordi at alle mennene var ved fronten. Pga. stadig trong for våpen og ammunisjon var kvinnene særs ettertrakta arbeidskraft i våpenindustrien. Som eg har skreve om tidlegare i dette avsnittet var det trong på kvinneleg arbeidskraft. No såg vi for første gong kvinnelege postbod, politikonstablar og sjåførar av ulikt slag. Men godtgjersla var dårleg. Kvinnene tente om lag berre halvparten ev det menn i tilsvarande stilling tente!

 

Då den langvarige krigen endeleg var over og mennene kom heim overtok mennene jobben sin igjen. Sidan det var «strenge reglar» på kva kvinner og menn skulle gjere på denne tida var det ikkje normalt at kvinnene gjorde denne jobben, men no hadde dei bevist det, dei kunne jobbe like hardt som menn og på same måten som menn. Derfor hadde krigen for kvinnene sin del gjort dei meir sjølvsikre. Pga. jobben kvinnene gjorde igjennom krigen fekk dei røystrett i enkelte land. Dette kan sjåast på som ein form for takk for den jobben kvinnene gjorde i 1. verdskrig. Dei fekk til dømes til dømes røysterett i Tyskland, Storbritannia og USA.

 

Tyskland kapitulerer – 1. verdskrig er slutt

Tyskland sette i gang ein svær offensiv i Frankrike våren 1918. Men tyskarane klarte ikkje å vinne den avgjerande sigeren dei hadde vona på.

 

Tyskland klarde ikkje meir, folk var krigstrøytte og lei den langvarige krigen. Millionar av ungdommar var drepne ved fronten. Folk svalt, og i byane var det oppstand og uro. «Heller ein ende med katastrofe enn ein katastrofe utan ende!» sa ein tysk politikar, og mange andre tyskarar tenkte på det same. Keisaren hadde flykta til eit av landa som hadde vore nøytralt igjennom heile krigen, nemleg Nederland. Presidenten i USA hadde laga 14 punkt for ei mindre valdeleg og meir folkestyrt verd. Difor bad Tyskland om fred. Tyskarane vona på og ikkje bli handsama hardt . Dei vona også å bli handsama med rettferd og forståing. Dei skulle bli nokså skuffa.

 

«Oppgjerets time»

Sigerherrane møttest i Versailles, utanfor byen Paris. Det dei først og fremst skulle diskutere og finne ut av, var kva som skulle skje med Tyskland. Tyskarane hadde ingenting dei skulle sagt. Dei fekk berre presentert kva dei sigrande maktene hadde bestemt. Skjønsberg, Harald (2007) Undervegs Historie 9, Oslo (2007), nemner at Tyskland måtte:

- Ta på seg heile skulda for krigen.

- Betale ei stor krigserstatning, særleg til Frankrike.

- Gi provinsane Alsace og Lorraine tilbake til Frankrike (Desse landa hadde Tyskland erobra under den fransk-tyske krigen i 1870-71.)

- Gi frå seg alle koloniane sine.

 

Same kjelde nemner også at landet berre fekk ha ein liten hær, og ingen krigsredskapar som krigsskip, tanks og fly.

 

Sidan fredstingingane føregjekk i Versailles, blir denne avtalen kalla Versaillestraktaten eller Versaillesfreden. Sidan det i avtalen vart harde fredsvilkår, skapte dette seinare grobotn for framveksten av nazisme. På grunn av den store krigserstatninga som Tyskland måtte betale, vart det i mellomkrigstida elendige tilhøve for dei tyske innbyggjarane, og det var grobotn for hemn frå Tyskland si side. Mellomkrigstida var også tida for økonomisk depresjon i verdsøkonomien, og alt dette førte til massearbeidsløyse og ropet på hemn og «den sterke mann». Fredsavtalen i Versailles vart underteikna i ei jarnbanevogn. For å illustrere kor nedverdigande avtalen var for Tyskland, nemner eg at Adolf Hitler kom triumferande inn i Paris i den same jarnbanevogna etter at Paris var hærsett under 2.verdskrigen. Etter at Tyskland hadde tapt krigen, sprengde Hitler den same jarnbanevogna i lufta.

 

Også landa som hadde stått på Tyskland si side under krigen, måtte leve med tøffe vilkår for fred:

- Keisarriket Austerrike-Ungarn vart oppløyst og erstatta av 2 små land, Austerrike og Ungarn.

- Tyrkia mista dei fleste av provinsane sine. (Dette var sannsynlegvis på grunn av det store folkemordet i 1916, der 600.000 menn, kvinner og barn vart drepne pga. dei styrande mistenkte dei for samarbeid med russarane.)

 

<bilde>

Europakart etter 1. verdskrig.

 

Evig fred i verda?

Mange synest det første verdskrigen hadde vore eit sjokk. Europearane hadde trudd at menneska vart klokare og klokare og meir siviliserte. Ein trudde at verda gjekk framover! Som eg tidlegare har skreve om i teksten, kom den 1. verdskrigen som eit sjokk på mange. Mange millionar menneske vart drepne, særleg ungdom som hadde livet framfor seg.

 

Til dømes Tyskland, som tapte krigen drøymde om hemn. Me likevel, på grunn av den voldelege krigen tenkte dei fleste: - Aldri meir krig. Aldri meir måtte menneska seg i mellom krige slik at millionar vart drepne.

 

Ein måte å hindre ein ny krig måtte være at statsleiarane måtte lære å snakke saman, slik at dei på ein måte vart venner og ingen usemje dei imellom. Presidenten i USA kom med eit forslag om å skape ein internasjonal organisasjon, Folkeforbundet. Der kunne statane diskutere og handle seg imellom med fredelege midlar. Folkeforbundet rekna ein gjerne som første steg på det som i dag er kjent som organisasjonen FN.

 

Men Tyskland fekk ikkje vere med i organisasjonen. Heller ikkje Russland vart med, ikkje fordi dei ikkje fekk lov, men fordi dei ikkje ville. Dette pga. at landet nettopp hadde vore igjennom ein revolusjon. Heller ikkje USA ville vere med i Folkeforbundet, sjølv om det var presidenten, Woodrow Wilson som hadde komme med forslaget om å skipe Forbundet.

 

Folkeforbundet vart likevel ikkje ein stor organisasjon, heller ein nokså mislukka. Den greidde ikkje å sikre verdsfreden. Og knapt 22 år etter at den første verdskrigen vart avslutta, byrja det ein ny. Denne skulle vise seg å vere endå meir blodig enn den førre.

 

1. verdskrig - ein verdskrig eller ikkje?

Mange meiner at den 1. verdskrigen ikkje var ein verdskrig, men heller ein konflikt som spreidde seg utover store landområder. Også litt til sjøs. Dette pga. at store delar av verda ikkje var i krig i det heile teke.

Det var krig i Europa og Midtausten, men i dei andre delane av verda var det fred. Så kvifor kallar vi då 1. verdskrigen for ein verdskrig? Det kan vere kva syn europearane hadde på verda den gongen: Verda var stort sett verdsdelen Europa, og det var det som galdt. Dersom det skjedde i Europa var då regna for «det som skjedde i verda». Britane kalla «den 1. verdskrigen» for The Great War. Uttrykket kan tolkast på 2 måtar: den store krigen eller den heltmodige krigen.

 

Noreg og den første verdskrigen

I Noreg var det gode tider i tida før den første verdskrigen. Noreg hadde ein stor økonomisk framgang og vekst. I perioden frå 1905 til 1916 vart industriproduksjonen i landet nesten dobla. Den viktigaste grunnen til veksten i industrien var vasskrafta og utbygging av stor industri, «på landet», til dømes i Odda, i Sauda, på Notodden, i Tyssedal og i Sør-Varanger. Likevel er utbygginga til Norsk Hydro på Rjukan i Telemark mest kjend.

 

Verdskrigen kom brått og uventa både for vanlege nordmenn, og styresmaktene. Statsministeren i Noreg på denne tida, Gunnar Knudsen drog på båtferie og var vanskeleg å få tak i. Først 27. juli kom han inn til Langesund. I Langesund fekk han tak i ei avis der han kunne lese at det nærma seg krig i Europa.

 

Statsministeren og regjeringa handla då raskt. Både Marinen, forta langs kysten og Hæren vart gjort klare for krig. Samtidig erklærte Noreg, akkurat som Sverige og Danmark, at landet ville verre nøytralt. Og heldigvis for Noreg vart ingen av tre skandinaviske landa trekte inn i krigen. Men Noreg skulle likevel ikkje komme heilt unna krigen. Den skapte store problem for folk til sjøs. Som eg har skrevet om tidelgare i denne innleveringa gjekk tyske ubåt fartøy til angrep mot handelsskip frå nøytrale land. Så mykje som 2000 norske sjøfolk miste livet. I tillegg gjekk omtrent halve handelsflåten tapt. Medan sjøfolka leid, tente mange reiarar seg rike på dei høge fraktratane og forsikringspengar på skipa som vart senka.

 

Nordmenn på land var ikkje i livsfare slik som sjøfolka, men dagleglivet kunne likevel være vanskeleg. Prisane på til dømes mat og brensel gjekk opp. Det kunne også vere varemangel. Det vart større skilnad på fattig og rik, og svartebørshandelen og aksjespekulasjon florerte.

 

Avslutning

I denne innleveringa har eg tatt føre meg kva som skjedde i 1. verdskrigen, korleis det skjedde og kvifor det skjedde. I tillegg til å ha belyst dei menneskelege tragediane og det nye Europakartet etter 1. verdskrigen,har eg også skreve om dei fatale konsekvensane av krigen, nemleg Tyskland sin hemnlyst, framveksten av nazismen og til slutt utbrotet av 2. verdskrigen.

 

Kjeldeliste:

Skjønsberg, Harald (2007) Undervegs Historie 9, Oslo

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/d5/Austria1914physical.jpg

http://www.google.no/imgres?q=Ententen+og+sentralmaktene&um=1&hl=no&sa=N&biw=1347&bih=679&tbm=isch
&tbnid=Skb4AT9BZ9jr3M:&imgrefurl=http://www.honsi.org/literature/svejk/%3Fpage%3D5-4..-2-5-1-13-1-1%26lang%3Dnn%26filter%3Dall&docid=PgnQkOjkn3eYCM&itg=1&imgurl=http://www.honsi.org/literature/images/europa.gif
&w=320&h=245&ei=EeMjT46OOYT04QSu0ZSkCQ&zoom=1&iact=rc&dur=22
&sig=114137031943024825696&page=6
&tbnh=161&tbnw=210&start=116&ndsp=23&ved=1t:429,r:4,s:116&tx=82&ty=158

http://www.googl+e.no/imgres?q=Skyttergravskrigen&um=1&hl=no&sa=N&biw=1347&bih=679&tbm=isch&tbnid=nCEA-yK_Ek6tKM:&imgrefurl=http://www.skoleside.no/1verdenskrig.htm&docid=lauuMX3Y3O-brM&imgurl=http://www.skoleside.no/
vest.jpeg&w=390&h=418&ei=rfQjT_HOC_Da4QTSyIilCQ&zoom=1&iact=rc&dur=240
&sig=114137031943024825696&page=1&tbnh=151&tbnw=139
&start=0&ndsp=19&ved=1t:429,r:6,s:0&tx=47&ty=110

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst