Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Bru og øy

Bru og øy

Tanker om ordet og språkets posisjon i samfunnet.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.02.2003
Tema
Språk


Eg sit med kjærasten min i armkroken og ser på TV. På skjermen blir det prata og prata samtidig som ein kan sjå urett og rett om kvarandre. Konflikten i Midtausten og doping i OL, gladsaker i ”Noreg Rundt” og bekymringslausskap i USA.  Er livet berre ein graut? 

 

Eg er for meg sjølv, i eit edderkoppnett av tankar. Kampen mellom det gode og det vonde har nett byrja. Eg vil ikkje kåre ein vinner. Det har ein korrupte domarar til å gjere. I dag vil eg ikkje tenkje meir enn nødvendig. I mine tankar vil eg finne eit tomrom, ein stad kor eg kan gløyme livet. Gløyme Sharon og Bush, Müehlegg og Danilova. No skal eg vere egoist, utvide mitt åndelege territorium med hjartedop. Det er eg imot verda, men eg har fordelen av å styre det heile. All slags avskum går utfor stupet, berre synd eg ikkje kan dytte Ivar Aasen ned og. Aleine tilbake står eg og Aasen og Tarjei Vesaas. Kvart menneske er ei øy. Aasen og Vesaas er no på besøk på mi øy. Elles er landområdet øyde.


 

Med eit ropar Vesaas. Han vil vekk frå stilla som herskar på øya. Ropet hans om hjelp når ikkje langt, men nokon høyrer det. Ein ung, framandkulturell, lesbisk høgrepolitikar fangar heilt tilfeldig opp ropet. Strakstiltak settast i gang på Stortinget. Skal den planlagde brua til Svalbard eller ”Vesaasbrua” prioriterast? Sylvia Brustad klagar over at bua hennar ikkje får noko merksemd og den unge høgrepolitikaren synest at legning hennar og den etniske bakgrunn må bli teke omsyn til i saka. Eit forlik blir inngått: Ei halv ”Vesaasbru” skal lagast med ei ”Brustadbu” på, og framandkulturelle og lesbiske skal kunne jobbe der. KrF krev riktignok totalt fordi dei gav seg på krava om homofilistans.

På øya mi blir det ikkje kravd nokon ting. Aasen, Vesaas og eg byrjar å trivast saman. Vesaas ropar ikkje meir. Han les dikta sine høgt, mens Aasen noterer febrilsk. Litt bortanom sit eg og funderer. Dei tre orda ”Eg elskar deg” fer gjennom meg. Om ord lager bruer, kva slags bru lager da dei tre orda? Ei sterk, uknuseleg bru skulle ein tru. Men om eg ikkje viser at eg elskar, berre seier orda, da er verda i ubalanse. Kva tyder ord da? Kva slags bru lagast da? Kanskje ei halv ei slik som den politikarane lagde.

 

”Ikkje noko menneske er ei øy”, seier poeten John Donne. Han har dukka opp på øya mi utan forvarsel. Bodskapen hans er klar. Kvart menneske er eit stykke av verda og handlingane vi gjer verker inn på andre menneske. Eg blir meir stille enn nokon gong. Om eg seier noko kan dominobrikkene falle, den eine etter den andre. Eit lite ord frå meg kan bli eit stort ord for menneskeverda. Men her på øya høyrer ingen som ikkje tålar å høyre. Her ser ingen som ikkje tålar å sjå. Her pratar ingen utan å ha noko å seie. Eg og mitt tankegods på ei aude øy. 

 

Ord er makt. Den med det skarpaste ordet og den raskaste føringa av bokstavane, vinn. Arafat mot Sharon, tru mot tru, ord mot ord, vald mot vald. Eg vil ikkje kåre ein vinner. Det har ein korrupte menneske til. Menneske som ikkje veit kva for ord som ber frukt i morgon.

Øya mi driv mot land. Vesaas speidar etter bruer, Aasen sit berre der. ”Bruene er minelagde”, seier eg til Vesaas. ”Språket er forpesta”. ”Nei”, svarar Vesaas raskt. ”Språket og ordet er ikkje forpesta. Det er øyene som er det. Ordet kan vere smitteberaren og medisinen, men det er ikkje sjukdommen”. Eg føler at eg sit meir fast i edderkoppnettet enn aldri før. Kvart menneske er ei øy? Ikkje noko menneske er ei øy? Bruer av ord? Øya mi driv mot andre øyer no, dei er ikkje langt unna. Ein stemme talar til meg: ”Venlegskap er eit språk som dei døve kan høyre og dei blinde kan sjå”. Med eit lysnar det på øya mi og på heile jorda. Eg har funne eit språk der alt er klår tale. Ein treng ikkje ord, det finst finare bruer. Desse bruene står stødigare enn andre bruer. Eg forlet øya mi og tar avskjed med Aasen og Vesaas.

 

Min kjæraste halvsøv no, liggjande i armkroken min. På TV-en blir det sendt ein film: Robinson Crusoe. Ho vaknar av at eg rører på meg. Eg ser på henne og smiler: ”Eg elskar deg”.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil