Den Raude Volvoen

Ein tekst om eit spesielt forhold mellom ein bil og ein mann, eit annleis vennskap.
Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.12.02
Tema
Bil

Eg er raud og ganske rund i kantane. Som det latinske navnet mitt seier, ruller eg avbarde, på fire hjul. Eg seier brum, brum og tut, tut (viss du tutar med hornet) og har eit ratt. Kva er eg?

 

Ja, eg er ein bil. Men ikkje kva som helst bil, eg er ein praktfull raudlakka Volvo Amazon 67-modell, med to forgassarar som brølar som to sinte oksar, og KGS (kort girstong). Ikkje ei ripe i lakken, og eg er frisk som ein fisk. Klart eg har vore hjå Dr. Bilmekanikar ein gong og to, men alle blir jo sjuke av og til, ikkje sant? Fint at dei kan gjere slike organ-

transplantasjonar og sånt. Visste du at det til og med er skrive ein song om meg? Joda, han Øystein Sunde han er ein kul fyr, han syng ein song om meg, Gammal Amazon. Meister Arne skrur alltid opp lyden når den songen kjem på radioen, og då blir eg i så godt humør og køyrer litt fortare.

 

Eg har mange mil på speedometeret, og kjenner dei fleste vegane i Byen og rundt omkring han. Byen er Oslo, og det er ikkje langt frå der eg og meister Arne bur. Meister Arne er han som køyrer rundt med meg. Eller, det er jo eigentleg eg som køyrer rundt med han, viss du forstår. Eg og Meister Arne har eit veldig spesielt og fortrolig forhold. Han er den einaste eigaren eg har hatt, det er han som har kjøpt meg, ”oppseda” meg og teke vare på meg. Eg betyr og mykje for Meister Arne. Eg er den trufaste, raude folen hans. Eg har redda han ut av mange vanskelege situasjonar, og sviktar aldri når det gjelds som mest. Til dømes når han har vore i Byen og sjekka dame, og det ikkje har gått så bra. Eg står alltid trufast og tålmodig og ventar, og ser Meister Arne kjem springande med ei hissig dame flagrande i hælane. Då bykser han inn og set seg ved rattet mitt, og kvinnfolket står kokande att og ser ein raud Volvo køyre avgarde i vill flukt.

 

Dette med damer har alltid vore eit merkeleg kapittel i forholdet vårt. Meister Arne er det menneska kallar ungkar, dvs. han har ikkje fast følgje men er på leiting. Trur eg. Og det har vore mange tilbod og interesserte damer, det er bare det at det går alltid skeis etter ei stund. Eg er kanskje litt medskuldig i dette. Så klart eg vil at Meister Arne skal vere lukkeleg, men eg trur han har nok med meg, eg! For å sei det som det er, blir eg av og til litt sjalu. Det er eit stort og vanskeleg dilemma for meg. Eg er alltid hyggeleg i byrjinga med damene han tek med seg, eg brummar maskulint med forgassarane og varmar opp dei komfortable skinnseta for damene. Og dei gir alltid fine kompliment til meg, sjølv om eg ikkje er nyaste modell på marknaden lenger. Men etter ei stund merker eg at Arne held på å bli lei av damene, og då hjelper eg han så godt eg kan med å få dei bort, for eg blir som regel litt lei eg og.

 

Eg hugsar godt når Meister Arne og eg var unge, i dei glade 70-åra. Me køyrde rundt og viste oss fram, og damene låg flate. Eg var uvanleg tøff, ein RAUD Volvo Amazon, skinnande blankpolert med terningar og Wunderbaum i framruta og kvite skinnsete. Og ikkje minst med kort girstong. Meister Arne var og populær. Men no kjenner eg at det går mot andre tider. Dei nye bilane ler av meg med sine høge tekniske finessar og airbager. Me eldast, Arne er over femti, og eg er over tretti år. Tretti år er gammalt for ein bil. Eg ser ikkje så mange av oss ute og køyrer lenger. Men Meister Arne har teke så godt vare på meg, at eg er sikker på at eg held ei god stund til. Kva skulle Meister Arne gjort utan meg? Teke buss? Nei. Eg får halda ut. Men det kan vere hardt av og til:

 

Veret her oppe i Norden kan vere hardt mot ein bil. Særleg når Meister Arne av og til ikkje gidd og setja ein stakkars gammal Volvo inn i garasjen. Om vintrane når streken på gradestokken kryp undernull og det snør og hagler, hender det eg er nøydd til å gå i dvale for å klara meg. Då er det vanskeleg for Meister Arne og vekkja meg. Eg kan vel ikkje noko for at eg ikkje klarer å starte etter ei sånn natt og så tidleg på morgonen. Av og til gjer eg det i trass når Meister Arne ikkje har sett meg i garasjen, på grunn av alt rotet hans. Men då kjem han med motorvarmar og startkablar og kitlar meg, og eg er nøydd til å starta. 

 

Noko av det gildaste eg veit, er når Meister Arne ein sjeldan gong tek meg med på den store, breie motorvegen og eg får køyra slikkeleg fort. Då susar me forbi alle og alt, og me bryt av og til fartsgrensene. Då får eg vist dei andre kva krefter det er i forgassarane og meg.

 

Me er eit tospann, eg og Meister Arne. Me er uatskillelege. Nesten som eit gammalt ektepar. Mange har vilja kjøpa meg opp i gjennom åra, og mange gonger har Meister Arne vore nær ved og selja meg fordi han ikkje har hatt pengar, men han klarer det ikkje. Han er for glad i meg. Det hender me er sinte på kvarandre, som om morgonane når eg ikkje startar. Men det gløymer me etter nokre sekund. Så me lever på ein måte saman i perfekt harmoni. Ein kan bli glad i ein bil, det er Meister Arne eit levande døme på. Tut, tut! Her kjem me!                         

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst