Ein vanskeleg kvardag

Om patetiske nordmenn som aldri får nok av noe.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.05.12

Å vere norsk i dag er jammen ikkje lett. Vi betalar alt for mykje i skatt, straumregningane er alt for høge, bensinen er for dyr, vatn er for dyrt, vi tener alt for lite, maten er for dyr, spriten er for dyr, vi er alt for feite og har alt for få arbeidsplassar.

 

Fyrst vil eg seie noko om skatten: Vi nordmenn skal ikkje betale noko i skatt. På grunn av skatten har ikkje nordmenn nok pengar. Nordmenn skal ha gratis skule, gratis barnehage, gratis sjukehusopphald, gratis tannlege, pensjonstrygd, arbeidsledigingstrygd, billigare straum, billigare bensin, veier å kjøre på og høgare løn. Men vi skal ikkje betale ei krone til staten. Kor trur vi at staten skal få pengane frå for å drive alt dette då? Trur nordmenn at statsministeren sitter og drit peng?

 

Nordmenn er så feite at dei kastar maten for å sleppe å ete han. Dei som ikkje er feit, trur dei er for feit og derfor et heller ikkje dei. Men mat skal vi ha. I mange land et dei ikkje fordi dei ikkje har mat. I Noreg et vi ikkje fordi vi har alt for mykje mat. Vi kastar meir mat enn nokon gong før og kjøper meir mat enn nokon gong før. Vi er feitare enn nokon gong før og slankar oss som aldri før. Vi er så overvektige at vi døyr av det, og trur at vi er så feite at vi slankar oss til døde. 

 

Den maten som vi no eingong skal kjøpe, skal vere billig. Vi kjører til Sverige for å handle kjøtt og sprit, ikkje minst sprit. Mattilsynet seier at kjøttet frå Sverige er skadeleg, men gratis sjukehusopphald får vi likevel. Spriten her til lands er så dyr at vi må kjøpe heimkok. Og kva skjer når vi kjøpar heimelaga? Han som har laga den kjøpte tresprit frå Latvia, og vi døyr av metanolforgifting, eller overdose. Heimebrent er sterkare enn vodka og drep derfor lettare. Heimebrent er litt vanskelig å få tak på og man kan ikkje alltid stole på han du kjøpar den av. Men den er billigare, og pengar er noko ein manglar i Noreg, så den sjansen må vi ta

 

Bensinprisane i Noreg er noko eg ikkje skjønne meg på. Vi pumpar ’ den opp frå eige grunn, og er eit av verdas rikaste land av den grunn. Men lik forbanna er bensinen billigare i Sverige, der dei må frakte han fleire mil for å få han til ei pumpe. Bensinen er så dyr at vi kjører til Sverige, på norsk bensin til ni kroner og femti øre literen, og fyllar på ny norsk bensin til seks kroner og førti øre literen i Sverige. Norske leiare av olje verksemd: Kvifor er bensinen billigare i Sverige enn i Noreg? Eg skulle ynskje eg jobba i Noreg og budde i Sverige. Det ville jo vore idyll.

 

Straum skal alle ha innlagt. I huset, i hytta på fjellet og i sumarhuset ved stranda. Straumregningane skal vi ikkje trenge å betale og fossane skal vi ikkje legge i røyr. Gasskraftverk kan vi ikkje bygge, det øydelegg den herlege naturen vi har i Noreg. Det same gjeld kjernekraftverk. Vi skal ikkje produsere straum, ikkje betale for han, men vi skal ha han, og mykje av han. Eg spør igjen: Meiner det norske folk at Kjell Magne Bondevik skal sitte og produsere straum med dei magiske fingrane sine? Er nordmenn helt dumme i hovudet?

 

Så vi stakkars nordmenn har det ikkje så bra til kvardags. Vi har vårt å slite med og slit med det. Enten er vi feite elles trur vi at vi er det. Vi betaler alt for mye skatt og liker ikkje å punge ut om vi ikkje er nøydt til det. Bensin er billigare i utlandet. Dette gjelds også pølse og sprit. Straumen betaler vi alt for mykje for og misslikar det sterkt. Naturen liker vi som den er og vil ikkje øydelegge den med røyr og gasskraftverk.

 

Eg foreslår, om du er ein gjennomsnittleg nordmann, flyttar du til utmarka der ingen treng elektrisitet, levar på naturens godar og kjøpar deg ein sykkel.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst