Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Einsam

Einsam

Novelle om ein einsam gut.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2004
Tema
Ensomhet

Det er snart sommar, det er varmt, sola skin og på kveldane er ungdommane ute og festar og har det gøy. Dei drikk, røyker, skrik og skrålar. Dei gjer idiotiske, patetiske ting som dei angrar på at dei har gjort dagen derpå.

 

På skulen er dei òg ville og hemningslause. Dei plagar småungar, røykar bak busskura og finn på toskne ting. Alle gjer det, og dei gjer det for å vere tøffe, for å vere kule, for å bli godtatt. Eg tykkjer dei oppfører seg som dei har vit til, og eg føretrekk å sitje åleine i eit hjørne og høyre på musikk. Eigentleg er det, det einaste eg gjer. Eg sit åleine. Heime, på skulen, overalt.

 

Eg har ikkje så mange vener, faktisk så har eg berre ein ven. Men kvifor skal eg vilje vere ven med dessa tåpane som toskar seg og driv ap med andre. Eg har det mykje betre åleine med meg sjølv. Men det er ikkje sant. Eg vil eigentleg ikkje det. Eg vil vere populær, med i gjengen. Eg vil ikkje sitje åleine heime på rommet mitt på fredagskveldane medan dei andre har det moro. Men slik er det, og slik vil det alltid vere. Det er ikkje noko moro å vere einsam og utstøytt skal eg seie deg. Du blir alltid sett ned på og du blir alltid valt til slutt når nokon skal velje spelarar på laget sitt i gymmen, og dette må eg leve med kvar dag.

 

Ein må bli vant med å prate med seg sjølv, for det einaste folk seier til deg er ting som tildømes: ”Flytt deg!”, ”gjer matteleksa mi!” og ”kva er det du glor på!” Men kvifor skal eg prate med dei som er slik, når eg kan prate med Attila. Atilla er hunden til enkefrue Blomthun. Attila ler ikkje av meg, ser ned på meg og kjeftar på meg. Han er min beste ven i heile verda. På fredagskveldane og dei andre kveldane når dei andre ungdommane lagar leven og oppstyr, går eg tur med Attila. Enkefrue Blomthun gir meg ein heil tjuekroning for kvar gong eg går på tur med Attila, og eg går ofte på tur med han for då tenar eg meg pengar til ein ny ”Monkey`s CD”.

 

Mamma og pappa sit ofte i stova og ser på CNN, og det er som oftast der eg finn dei, bortsett frå når dei lagar mat og når dei prøver å bry seg litt om meg. Eg veit dei er glade i meg, men dei klarar ikkje heilt å vise det, trur eg. Pappa har vanskelig for å komme seg vekk frå TV`en fordi han er så opptatt av all drepinga rundt om i verda, og pilsen som han som oftast held i handa. Han drikk mykje og får difor lite tid til meg. Mamma er veldig ofte vekke, og eg veit kvifor. Eg ser ho nemleg kvar dag på bussen, ho sit heilt framme i bussen attmed ein klysete rikmann.

 

Eg sit alltid attmed døra midt i bussen, for då kan eg gå av så fort som mogleg, for bakarst i bussen sit nemleg alle dei patetiske ungdommane og herjar.

 

Når eg skal ut å gå på tur med Attila passar eg alltid på å seie til mamma og pappa at eg skal ut med nokre vener. Eg lyg, men eg lyg for å ikkje engste dei. På turane plar eg å gå rundt butikkane og parkeringsplassane, fordi ein gong eg gjekk attmed butikkane og parkeringsplassane var det nokon som skreik: ”HUNDEFILI!!” og lo av meg. Sjølv om eg ikkje veit kva det betyr så høyrtest det ikkje bra ut, så eg byrja å gå rundt.

 

Vi plar alltid å gå ned på hamna ved sjøen. Der bitt eg Attila fast i ein lyktestolpe og så set eg meg ved kanten av ei bryggje. Eg stirer alltid utover havet og nynnar litt av refrenget på ”Daydream beliver.” Så tenkjer eg på korleis det ville vore viss eg hadde hoppa. Hoppa uti og aldrig kome opp igjen. Ingen vil oppdage at eg er vekke, og når dei endelig oppdagar det vil dei kanskje angre litt på att dei ikkje brydde seg.

Så hoppar eg.

 

Og forresten så heiter eg Svein Ove.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil