...men saman skal vi klare alt

Ei forelsking, eit altfor stort sakn og sjølvmord.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.06.04

Det banka på døra, ho heiv biten av den knuste spegelen ned i nattbordskuffa og skubba den forsiktig inn, utan ein lyd. Ho hoppa frå skrivebordstolen som stod midt i det blodraude rommet, og opp i senga, trekte dyna heilt opp til halsen og ropte: Dra deg vekk! Personen på den andre sida av døra trossa uttalinga hennar, og opna døra sakte men bestemt. Ho låg med hovudet mot veggen, sa ikkje eit ord. Etterkvart som mor hennar enda ein gong gav henne leksa om kor sliten ho hadde vore det siste året, fylde auga til den unge, altfor unge jenta seg med store mørke, tårer.

 

Ho overhøyrde dei fortvila orda til mor si, tankane hennar fokuserte fullt og heilt på å verte fri. Ho kunne ikkje finne ein einaste utveg. Ho var innestengt, og hadde sørgja for det sjølv, heilt sjølv. Ho følte seg ikkje berre innestengt og rastlaus lenger, men redd. Ho var redd for kva som ville hende dersom nokon oppdaga det. Ho viste godt, altfor godt at det ho gjorde ikkje var rett, men gale, svært gale. Det dårlige samvitet tæra på, åt henne sakte og smertefullt opp frå innsida, og det store mørket i tankane hennar hadde utvida seg kvar dag, kvar time, kvart einaste sekund i kvart einaste minutt. No var dette skumle mørke stort, altfor stort. Ho kunne no så vidt skimte eit lys av håp langt, langt borte. Heilt i det fjerne. Innerst inneviste ho at ho burde fokusere på det lyset til alle tider, aldri flytte blikket frå det håpet ho endå kunne ta tak i, dra mot seg, gjere større. Men etterkvart som lyset vart mindre vart også kreftene hennar mindre. Ho kunne ikkje førestille seg sjølv at ho skulle strekkje ut dei lange, trøtte armane for kjempe for noko ho eigentleg ikkje trudde på. Ho ville berre gjere slik han hadde gjort, bli slukt av det enorme mørket og forsvinne frå alt. Kanskje ville ho då møte han att, fortelje han at han vart sårt sakna, fortelje atter ein gong at ho ikkje kunne fortsette livet utan han i det.

 

Han var borte og ville aldri kome tilbake, aldri. Det var først no nyheita hadde sunke inn, det hadde hittil verka som eit mareritt, det verst tenkelege mareritt. Men no var det verkelig, altfor verkelig, han var verkeleg død. Tårene trilla sørgmodig, nedover dei likbleike kinna hennar når ho tenkte på gravferda som skulle finne stad i kyrkja dagen etter. Magen vrengte seg i frykt då ho tenkte på den yttarst spesielle minnetalen ho skulle halde. Mor hans hadde komt, med hovne auger og eit sorgfylt blikk og spurt om denne sørgjande ungjenta kunne tenkje seg å halde ein tale i kyrkja. Det var ikkje et nei i tankane hennar då spørsmålet vart stilt, sjølvsagt ville ho gjere det. Dette var den einaste sjansen ho kunne sjå for å rettferdigheitsgjere det sanne marerittet ho hadde opplevd dei dagane.

 

Ho snudde andletet ut mot rommet, og såg at døra sakte gleid att, ho innsåg at mor hennar hadde vore der heile tida. Då ho høyrte den hjelpelause hulkinga frå den kvinna ho ein gong hadde sett opp til med heile sett hjarte, den kvinna som hadde vore så trygg og god i oppveksten, då tenkte ho nok ein gong over om avgjerdinga hennar var den rette. Ho slo på lyset, og opna den svartmala nattbordskuffa. Ho flytta den øydelagde spegelen, la den fint til side og fann fram eitt lite, knurva ark. Ho sette seg opp og la det forsiktig mot hjartet sitt før ho bretta det ut og begynte å lese over det ein siste gong for det skulle skje.

 

 

Kjære Espen Du nemnte meg i det siste brevet du nokon gong skreiv, det ser eg på med glede. Det er også ei glede for meg at av alle menneska du hadde betjentskap til så er det eg som får stå her no i dag og sei ha det til deg, for siste gong.   Eg føler at vi hadde eit svært spesielt forhold til kvarandre, eg og du. Du var den første store kjærleiken, og i dag nesten nøyaktig fire år etter at vi gjorde det slutt, kan eg fortsatt stå hær å seie at eg elskar deg. Eg elskar deg no, Espen, eg har elska deg sidan første gong eg lærte deg å kjenne, og elske deg, det kan eg med handa på hjartet seie at eg vil gjera i all evigheit. Eg er ikkje klar til å ta farvel med deg heilt enda, så sjølv om eg seier det no så er det berre for i lita stund. Du var, og er fortsatt alt for meg, det er derfor eg vil tilbringe evigheita saman med deg. Evigheita er stor, altfor stor for ein person åleine, men saman skal vi klare alt.

 

Ho såg mor si og fortalte at ho vart høgt elska av både den vesle jenta si, og dei to sønene sine. Ho måtte love å ta godt vare på dei nydelige gutane ho hadde gitt liv til, for det fortente dei. Deretter snudde ho seg mot mor til Espen og sa: du vart også høgt elska, det må du aldri tvile på. Slekt og vennar i kyrkjelyden ropte fortvila då dei såg kva den sorgfulle jenta, altfor sorgfulle jenta hadde gøymt i den vesle, svarte veska ho hadde passa på med livets innsats heile dagen. Fleire røyste seg, og sprang for å redde livet til eit menneske som ikkje ønska dette livet lenger, men det var for seint. Før nokon rakk fram til henne, hadde ho løfta den svarte pistolen mot munnen og skote. Ho datt framover og landa ved sidan av kista, og ned på det venstre brystet hennar fall det ei blodraud rose, med eit kort der det stod: Du er sårt sakna, og eg vil ikkje kunne fortsette livet mitt utan deg i det.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst