Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Buddhismen - Korleis blir den praktisert?

Buddhismen - Korleis blir den praktisert?

Et fokusemne om buddhismen (KRL).

Karakter: 6 (10. klasse)

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.06.2005
Tema
Buddhisme


Bakgrunnen til Buddhismen

Buddhismen blei grunnlagt i Nord-India ca.500 f.kr. Det var prins Siddharta Gautama som var grunnleggjaren. Han vaks opp i svært luksuriøse omgivingar, men etter kvart begynte han å fundere over kva dette livet eigentleg var for noko og kva som var den store freden.

 

Etter at han hadde møtt: først ein gammal mann så ein sjuk mann og vidare ein død mann og til slutt ein munk som satt og såg ut som han hadde funnet den store freden her i verden, begynte han å undersøke kva som var det gode liv og kva desse fire teikna betydde.

 

<bilde>
Han drog heima ifrå, frå all luksusen og ut i verda for å finne svar. Han møtte to lærarar som sa at meditere mykje var løysninga. Han gjorde som dei sa og han starta også å ete kun det nødvendige. Til slutt åt han kunn eit riskorn om dagen, og han blei så svak at han nesten døde.


 

Han hadde no levd i luksus og plaga seg sjølv med fattig dom, men han hadde ikkje funne noko fred.

 

Siddharta reiste da til Bodh Gaya, her satte han seg under eit stort boda tre og sa: “Herfra vil jeg ikke reise meg før jeg har funnet svar” .

 

Han sat der i fleire dagar og fleire netter. Så gjekk det eit lys opp for han, han skjønte korleis livet kunne vere godt og korleis det kunne bli annleis.

 

Siddharta tok da namnet buddha, som tyder: “Den opplyste” eller “Den som har vakna opp”.

 

Det han hadde oppdaga var at han nå var fullstendig fri frå alt vondt og ein fred som nå aldri ville forlate han. Det er dette Buddhismen går ut på, ein skal ikkje drepe, ikkje stele, ikkje lyge osv. Buddha opplevde at dette var ein fin måte å leve på. Ein buddhistisk person ser opp til Buddha og vil oppnå det same som han.

 

Buddha var ingen gud eller son av ein gud. Han var født som eit menneske, men oppnådde ein visdom som gjorde han til meir enn et menneske likevel. Han brukte heile livet sitt til å undervise andre i vegen som fører til opplysning og enden på all liding. Noko Buddha understreka var at om ein verkleg vil og om ein fylgjer denne vegen, så kan også den personen same opplysninga som han oppnådde. Og det er opplysninga som er målet for ein buddhist.

 

<bilde>

 

Korleis er ein god Buddhist?

Det er store forskjellar på buddhistar og korleis dei utøvar sin religion og kor stor rolle den har i kvardagen. Religionen er basert på fri vilje. Det er heilt opp til ein sjølv korleis ein vil utøve sin religion og kor sterkt ønskje om å nå frigjøringa kvar enkelt person har. Det er stor forskjell på kor aktivt den enkelte buddhist praktiserer sin eigen religion. Men for ein god Buddhist gjelder alltid dei fem reglane, det vil seie at ein avstår frå fem ting, desse tinga er:

 

· Avstå frå å drepe.

· Avstå frå å stele.

· Avstå frå å misbruke seksuelt.

· Avstå frå å lyge.

· Avstå frå å drikke alkohol og andre rusmidlar.

 

Ein bør i tillegg la vere å tene pengar på måtar som kan skade andre, som for eksempel: våpenhandel, handel eller produksjon av rusmidlar og giftstoffar, drap av levende vesen, kjøp eller sal av menneske og dyr, svindel osv.

 

Ein buddhist har ikkje noko av dette pålagt, men det er strengt anbefalt å følgje dette. Alle har i grunnen godt av desse levereglane unnsett om ein vil kalle seg buddhist eller ikkje. Ved å følgje desse vil ein unngå mange uønska opplevingar og situasjonar. Ein kan generelt seia at ein buddhist skal unngå å gjer det vonde og forsøke å gjer det gode. Ein buddhist gjer dette for å føle seg betre, ha godt samvit og unngå mange problem.  

 

Dei tre juvelane:

Noko som buddhistar tar tilflukt og rettleiing i er dei tre juvelane:

Buddha, som er læraren deira og det gode eksempelet.

Dhamma, som er sjølve læra.

Og Sangha, som er fellesskapet av dei som har tilslutta seg denne læra. Munkesystemet er ein veldig viktig del av dette fellesskapet.

 

Dhamma:

Etter oppvakninga sette Buddha i gang å undervise i læra. Til dei første fem elevane fortalde han om desse viktige tinga innan for buddhismen, ”Dei Fire Edle Sanneter” og ”Den Åttedelte Vegen”.

 

De fire edle sanningane:

  • Sanninga om liding: At lidinga finst. Å fødes, å bli gamal, å bli sjuk. Skillast frå dei man er glad i er liding.
  • Sanninga om årsaka til liding: kunnskapsløyse, hat og begjær gjer at vi ikkje forstår riktig og ikkje klarar å frigjere oss frå lidinga.
  • Sanninga om lidingas slutt: Det finst ein slutt på lidinga og alle årsaker til lidinga.
  • Sanninga om vegen til lidinga si slutt: Den åtteledda vegen fører til lidinga si slutt.

 

Den åtteledda vegen:

  • Rett forståing: At man forstår de fire edle sannheitar
  • Rett tenkemåte: Ha vennlege, fredelige, nyttige tankar.
  • Rett talemåte: Konstruktiv, sann tale, til riktig tid.
  • Rett handling: At man gjer gode ting og avstår frå skadelege handlingar.
  • Rett levevis: Ein bør ha eit harmlaust yrke; Ikkje selje våpen, gift, osv.
  • Rett anstrengelse: Gi opp usunne tendensar, kultivere de gode.
  • Rett oppmerksemd: på kroppen, kjensler, sinnet osv.
  • Rett konsentrasjon: Konsentrasjon på meditasjon og innsiktsmeditasjon.

 

Meditasjon:

Meditasjon er ein av vegane til opplysning. Buddhistar mediterar for å nå den same opplysninga som Buddha nådde. Meditasjon er sjølve vegen til Nirvana.

 

Når ein buddhist mediterar sit ein som regel med rett rygg, korslagde bein og hendene i fanget. Så startar ein å konsentrere seg om pusten, på ein avslappa måte. Meininga er å kople ut alle forstyrrande tankar. Så begynner ein meir å konsentrere seg om meditasjons temaet, det finst mange tema ein kan konsentrere seg om. Man kan øve i kvalitetar som vennligskap, medfølelse, medglede og likevekt. For å utvikle sinnet på denne måten må ein øve seg i å observere ein ting som er nyttig, som kroppen. Då lar ein ikkje tankane fly hit og dit. Om ein ikkje mediterar konsentrert og systematisk når ein ikkje djupare i meditasjonen. Det er viktig å vere ein stad det er stille og ein ikkje kan bli forstyrra.

 

Munkar kan til dømes bu i ei hytte i skogen der dei har ro og stille. Her er det ideelt å øve i meditasjon. Når dei lev så enkelt har dei få bekymringar og pliktar. Dette blir kalla innsikt meditasjon.

 

Å meditere tydar at man er både open og konsentrert på same tid. Det er ikkje ein slags søvn eller transe. Når man får god konsentrasjon kan sinnet bli heilt absorbert i meditasjon, men ikkje som i hypnose.

 

Det er opptil ein kvar buddhist å bestemme kor mykje og kor ofte ein vil meditere. Nokon flinke buddhistar mediterar morgon og kveld. Når buddhistar er på meditasjonssamlingar kan dei seta samen i over ti timer om dagen. Dette klarer dei på grunn av når ein sit å mediterar som slik mistar ein heilt tidsperspektivet.

 

<bilde>

 

Nirvana:


Nirvana er endinga på all liding. Buddha sa at det er den høgste lykka ”paramam sukkham”. Det finst to slags nirvana: Det første er Nirvana som ein opplyst person kan oppleve medan han lev. Det andre er den endelege oppnåinga som ein person opplev når han eller ho døyr, dette blir kalla parinirvana.

 

<bilde>
Gjenføding –samsara:

Før ein har oppnådd Nirvana meinar somme buddhistar at ein blir gjenfødt. Ein blir gjenfødt og gjenfødt heilt til ein til slut har nådd Nirvana.

 

Men trua på gjenføding er alt etter i kva land ein bur, til dømes i Thailand er trua på gjenføding sterkt. Men dette er alt etter korleis kulturen i det landet ein lev i som avgjer, som her i Noreg er dei fleste kristne fordi vi har vakst opp med det, same med gjenføding, om ein har vakst opp med den trua blir det enkelt å tru på.

 

Det endelause krinsløpet av gjenføding blir i Buddhismen kalla samsara, samsara er ein sirkel der mennesker opplever liding, som dei forsøker å frigjere seg frå. Innerst i sirkelen er det bilete av ein Hane, ein Slange og ein Gris. Desse symboliserer dei tre sinnsgiftene; hat, begjær og forblinding. Dette er eigenskapar som vi finn i menneskjer og det vi handlar uti frå dei når vi gjer vonde handlingar. Det er nettopp desse eigenskapane som bindar buddhistane til samsara, og det er dette dei vil fri seg frå.

 

Kva med ritual og høgtidar?

Mange buddhistar gjør puja om morgon og kveld. Det vil seie at ein resisterer vers og tekster som ein ofte har lært utanav. Dette gjør dei for å minne Buddha sine kvalitetar og for å halde den viktige læra i minnet. Det er vanleg at ein har ein buddhafigur eller eit bilete framfor seg sjølv. Dei tenner gjerne lys og røykelse og ofrar blomar. Dette er ein slags hengivenheit og for å skape ei litt høgtidsaktig atmosfære.

 

<bilde>

Bilete frå ein buddhistiske pujaer.

 

<bilde>

 

 

Buddhistar har ikkje noko som er pålagt å gjere som f.eks. ritual og bøn, eller slik som for kristne å gå i kyrkja. Å vere Buddhist er basert på fri vilje av å forstå korleis ein kan gjere gode ting og unngå å gjere usunne ting, trene sitt eige sinn i oppmerksemd, visdom og vennlegskap.

 

Men i mange buddhistiske land er fullmåne-dagane dagar som er vanleg å setje av litt ekstra tid for religiøs praksis. Dette er ikkje heilagdagar men, det er ein lang tradisjon som går heilt tilbake til buddhas tid. 

 

På fullmåne dagen i mai blir dette ofte kalla vesak. Det er dagen som markerer Buddhas fødsel, oppvakning og død, på ein og same dag. Dette fordi buddha vart født på denne dagen, han vart opplyst denne dagen og døde denne dagen.

 

I somme buddhistiske land er også de andre fullmåne dagar nasjonale fridagar: Desse dagane blir kalla Poja og folk går i tempelet.

 

Elles kan ulike buddhist land ha ulike tradisjonar og forskjellige dagar dei markerar, men dette er som sagt opp til kvart enkelt land.

 

Som buddhist er Buddha det store” idolet” og dei tilbed han og vil oppnå det same som han, bli oppvakna!

 

For å bli oppvakna må ein fylgje dei tre vegane:

Moral – Korleis ein lever og handlar, her fylg ein dei fem levereglane.

 

Konsentrasjon – handlar om korleis å trene sinnet. Først lære det å kjenne, så forme det for så å frigjere det.

 

Visdom – oppnår ein med å ha eit opent sinn utan hindringar. Da vil ein etterkvar sjå ting som dei er.

 

Desse stega følgjer kvarandre på denne måten:

Når vi lev på ein forsvarlig moralsk måte, så kan sinnet falle i ro. Når sinnet får ro, opplev vi velbehag. Når vi opplev velbehag blir sinnet konsentrert. Når sinnet blir konsentrert kan vi sjå ting klarare som vil seia å oppnå visdom.

 

Buddhistar mediterar for å oppnå den oppvakninga som Buddha oppnådde. Buddha sa at også andre kan oppleve den same fridomen og innsikta som han oppnådde om dei mediterar riktig. Å meditere er sjølve vegen til Nirvana. 

 

Menneskesyn:

I buddhismen ser dei på mennesket som det viktigaste i verda. Alle menneskjer er like verdifulle, uansett rase, religion eller kva samfunn dei tilhøyrer. Alle er født med same natur og med same muligheit til å oppnå der same som Buddha. Det er kunn menneske som kan gjere noko med sin eigen situasjon, det er ingen gudar ein kan påkalle, slik mennesket får frelse. Buddhas lære skal vise til ein metode ein kan bruke for å oppnå lykke og fred med seg sjølv. Årsakene til ulykke, sorg, hat og misunning finn vi i menneske. Ein buddhist må forstå at kva kjensler som fører tila t ein ikkje har det bra, og kvitte seg med dei. Men dette er ikkje enkelt…

 

Noko buddhistane arbeidar for å utvikle er: Medkjensle, nestekjærleik, og solidaritet.

 

For kvart enkelt menneske må ein sjølv vurdere kva som er godt og kva som er vondt. Man kan lytte først til andre sine erfaringar for så å ta ei eiga avgjering. Ein kan for eksempel lære av Buddha.

 

Buddha har sagt: ”For du er din egen frelser. Din fremtid former du selv”

 

Det onde: er skapt av menneske, men det er også kunn vi som må bryte det. Grunnen til det onde som fører til krig og hat er uvitheit og manglende sjølvinnsikt. Med buddhas vei kan ei bryte det onde, og skape fred.

 

Buddhistiske munkar og nonner

 

Trine; den første kvinna her i Noreg som ordinerte seg til buddhistisk prest:

 

“Jeg har gitt løfte om ikke å snake usant. Jeg skal ikke drepe. Jeg skal ikke stjele eller ta noe som ikke er gitt. Jeg skal ikke misbruke alkohol eller rusmidler. Og med hensyn til seksualitet avgir både nonner og munker løfter om sølibat. Vi har altså ikke lov til å gifte oss.”

 

<bilde>

 

<bilde>

Ein buddhistisk munk som mediterar.

 

Ein anna måte å praktisere buddhismen er å bli munk eller nonne.


 

<bilde>
I Thailand er det eit krav at alle buddhistar i landet må oppleve å vera munk, kravet er på minimum 7 døgn.

Men ofte prøvar dei dette ut i 3 månadar eller 3 år, somme endar med å vie heile livet. I Thailand kan ein også få inntil tre månadar å gjere dette.

 

Ein buddhist munk/nonne leve kunn for å nå den indre freden og oppnå opplysninga slik som buddha. Dette er ein veldig intens måte å praktisere buddhismen på.

Det var Buddha som var den første buddhist munken og det var han som først starta å lære bort læra si. Det same gjer også ein munk eller nonne i dag, dei underviser i buddhaens lære.

 

Buddhistiske munkar og nonner bur i kloster som andre munkar og nonner gjer i andre religionar. I klostera får dei ekstra tid til å tilbe buddha, studere læra og utføre ritual, som for eksempel å studere buddhistiske tekstar og den buddhistiske læra, og synge buddhistiske salmar og sjølvklart meditere.

 

Ein munk bevilger livet sitt til Buddha, dei forkynner religionen og har strenge reglar som dei sjølv må leve etter, det er som for eks. den åtte delte vegen og dei fem boda. Ein munk eller ei nonne har heller ikkje lov å eiga noko. Men personlige ting som: blyantar, tannbørstar, klokker og bøker er lov å eige. Dei har heller ikkje lov å bli for opptatt av musikk og dans, sete på ei høg trone eller seng eller eige smykkar.

Ein anna del av ein buddhistisk munk/nonne si oppgåve er å gå rundt og prate med folk, ein kan for eksempel stille essensielle og moralske spørsmål, som skal få folk til å tenkje.

 

Ei nonne eller munk har som sagt ikkje lov å eige noko, heller ikkje pengar. Så pengar til mat får dei då gjennom almisser, eller gåver, frå folk.

 

Mange munkar og nonner tigger for å få det dei treng, men blant buddhistar blir det sett på som ei stor ære å gi noko til dei, for dette styrkar karmaen, som igjen hjelper dei å forlate gjenfødings sirkelen!

 

Men ein buddhist munk kan ikkje ta borti pengar, så når ein er ute å tiggar må ein gjerne ha med seg ein lekmann eller få pengar i ein konvolutt.

 

<bilde>
Munkane og nonnene har andre roller enn å forkynne trua si, dei besøkjer også private heimar. Dei kjem kanskje for å velsigne eit nyfødt barn? Eit nytt hus? Eit nygift par? Eller for å besøkje ein sjuk eller døande person.

 

Buddhistiske munkar har safran farga kappar medan nonnene har brune, men dette kan sjølv klart variere frå land til land og etter kva tittel dei har.

 

For å bli munk må ein studere i kloster, tittelen får ein etter to år i kloster, ein kan også nå tittelen lærd etter ti år i kloster. Då kan ein sjølv starte å lære nye munkar.

 

For å bli nonne må ein fylgje same opplæringa som ein munk, men nonne statusen er ikkje heilt den same som ein munk sin, men dei har likevel same respekt hos folk. Men i somme buddhistiske samfunn, spesielt i vesten, er det heilt likestilt med menn.

 

I vesten er det ikkje vanleg å først bli munk når ein er vaksen, medan i Austen begynner ofte læringa frå dei er omkring 7-8 år gamle.

 

<bilde>
Dalai Lama den 14. er den mest kjente buddhistiske munken ein i dag kjenner til, det han kjempar mykje for er fred, han vil alt skal vere fredlig, typiske buddhistiske tankar. Dalai Lama har også vunne ein fredspris.

 

Etterord:

Ein buddhist tilber ingen gud, dei tilber Buddha. Buddha var født menneske, men like vel oppnådde han ein slik visdom at han vart meir enn eit menneske, men ein gud var han ikkje. Eg vil seia at buddha på ein måte er ein buddhists ”forbilde”. Det dei dagleg prøvar på er å oppnå det same som han.

 

Til dagleg kan dei for eksempel setje seg ned ein stund, gjerne framfor ein buddha statue, og seia nokre vers på pali eller sanskrit, som ein har lært seg utan att, tenne røykelse og ofre blomar. Dette for å minnast Buddhas gode kvalitetar. Eg har lært at Buddha er sentral i ein buddhists kvardag, det er viktig å tenkje på hans kvalitetar for å klare sjølv å oppnå den opplysninga som han opplevde.

 

Ein anna måte dei har å minnast Buddha på er vesak. Vesak er ein slags tradisjon, her feirar dei Buddhas fødsel, oppvakning og bortgang, på ein og same dag. Dette blir feira fullmåne dagen i Mai. Også andre fullmåne dagar er viktige for buddhistar.

 

Ein buddhists mål er å nå den same oppvakninga som buddha og tilslutt nå Nirvana.

Dette gjer ein ved å meditere, ofte morgon og kveld. Dette også for å oppnå det same som buddha. Meditasjon er også sjølve vegen til Nirvana, sjølve endinga på all liding.

 

Men før ein oppnår Nirvana har ein vore ein del av samsara, sirkelen av gjenføding.

 

Buddhismen enkelt sagt går ut på å vere god og snill, ein skal ikkje ha vonde tankar i sinnet. Derfor er det viktig å øve sinnet, dette gjer ein ofte med meditasjon. Det er også viktig å huske buddha sine kvalitetar.  

 

Buddhismen er basert på vri vilje, ein er ikkje pålagd å gjere noko, som f.eks gå i tempel. Buddhistiske tradisjonar varierar også frå land till land, alle har sin måte å praktisere sin buddhisme. Dette p.g.a. ulike tradisjonar og kultur i forskjellige land, og fordi buddhismen har tre forskjellige retningar med forskjellige meiningar om buddha.

 

Men noko som er likt er å nå den indre fred og det gode i livet, ved å vere god og snill, ha ro i sinnet og nå den same oppvakninga som buddha nådde.

 

Somme gjer dette med å bli munk eller nonne, somme finn desse tinga utan å vera det. Ein anna tanke som er typisk buddhistisk er fred, dei vil ikkje ha tankar som hat å misunning, som skapar krig.

 

Ein buddhist har derfor ingen rasistiske meiningar, dei har like stilling og dei sei ikkje at nokon religion er feil. Dei meinar at menneske sjølv skal bestemme.

 

 

Åtte vers for trening av sinnet

1.
Aldri vil jeg glemme min oppgave:
Å være til gagn for alle de som lever,
så de må få del i den dypeste glede.
Derfor vil jeg lære meg
aldri å vakle i min kjærlighet til dem.

 

2.
Sammen med andre vil jeg aldri
se på meg selv som viktigere enn dem.
De er de viktigste.
Denne innsikt vil jeg lære meg
og holde fast på, i dypet av mitt hjerte.


 

3.
I all min gjerning vil jeg granske
mitt sinn.
Når følelser og tanker dukker opp
som truer andre eller meg selv,
vil jeg lære meg med kraft
å imøtegå dem og avvise dem.

 

4.
Møter jeg noen som volder meg
vansker,
eller mennesker plaget
av sine misgjerninger og sin lidelse,
vil jeg lære meg å verdsette dem
som var de en uvurderlig, sjelden skatt.

 

5.
Når noen av misunnelse
behandler meg dårlig,
håner, baktaler,
vil jeg lære meg å godta mine tap
og la dem seire.

 

6.
Når noen jeg har stilt all min forhåpning til
går hen og sårer meg på det dypeste,
vil jeg lære meg å se på ham
som min aller fremste åndelige lærer.

 

7.
Jeg vil lære meg å gi alle,
på alle mulige vis og uten unntak,
alt jeg kan av hjelp og glede.
Med ydmykhet tar jeg på meg
all den smerte og lidelse de måtte ha,
og ser på dem som om
de var min mor.

 

8.
Jeg vil lære meg å holde alt dette i hu,
og upåvirket av de åtte verdslige tankemåter,
med klar innsikt i at alle fenomener er
som blendverk og innbildninger,
bli fri fra bindingenes trelldom

 

 

Kjelder:

http://www.nrk.no/programmer/radio/mellom_himmel_og_jord/2335115.html

http://www.rosenholm.gs.oslo.no/BUDDA/buddhismen2.htm

http://www.buddhistforbundet.no/

http://www.adressa.no/forbruker/reiseliv/article22737.ece

http://www.lienet.no/buddh.htm

http://kristin.stud.hive.no/krl/buddhismen_stikkord.htm

 

<bilde>

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil