Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Avhengig

Avhengig

Om narkotika.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.07.2000


Tone byrja med narkotika som 15 åring. Ho var på fest. Fekk kanskje litt for mykje å drikke. Ein fyr ho kjende, Tobben, kom bort til ho. Han spurde om ho hadde problem. Ho fekk såvidt snøvla fram eit nei, før ho sokk ihop. Torbjørn bar ho inn på ein sofa i nabo rommet. Der tvinga han i ho ei flaske vatn, slik at ho kvikkna litt til. Han virka veldig oppriktig og ærleg. "Eg har noko som hjelp mot hovudverken din" han gav ho nokre pillar. Tone viste godt at ho ikkje burde ta imot. Men ho stolte såpass på Tobben at viss han sa at det ikkje var farleg, så stolte ho på det. Det var første gongen Tone prøvde narkotika.

 

Sidan den gong, har det berre gått nedoverbakke for ho. Tone hadde alltid vore god på skulen. Ho sto på med leksene og jobba godt i timane. Ho låg mellom 4 og 6 i alle fag. Brått forandra alt seg. Det hente ofte at ho somna i timane. Ho hadde ikkje lenger den same given og stå-på viljen. Karakterane hennar sokk brått frå firarar og femmarar til einarar og toarar.

 

I ettertid verkar det rart at ingen mistenkte at narkotika var inne i biletet. Det var ikkje berre skule arbeidet som vart ei byrde, Tone hadde alltid vore ein særs aktiv sportsutøvar. Ho var med på både fotball, turn, langrenn og judo. No blei desse mindre og mindre viktige. Meir og meir av fritida gjekk med til ville festar og nattklubbbesøk. Få veker etter at ho prøvde extacy for første gong, sette ho si første sprøyte. Det var ein herleg rus, ho følte seg glad og fri. Så godt humør var det lenge sidan ho hadde vore i.

 

No fekk ho eit nytt problem, pengar. Extacy, hasj og marihuana var billeg dop, å samanlikne dei med heroin, er som å samanlikne Lada og Mercedes. Tidlegare var det nok å bruke vekepengane, men no måtte ho ty til andre midlar for å skaffe gryn. Her var overgangen frå den uskuldige jenta med god oppvekst til ein vaneforbrytar.

 

Ei kvithåra gammal dame kom gåande langs vegen, ho hadde nett vore i banken for å hente pensjonen sin, 6824 kroner til å dekke det mest naudsynte. Tone lista seg innpå ho bakfrå. Ho treiv til seg veska og la på sprang. Dette var berre toppen av isfjellet. Seinare tok ho til med både utpressing og vepna ran. Ho kjøpte ein billeg pistol av ein kompis som kjende miljøet.

 

Etter kvart som tida gjekk fekk Tone problem heime. Mor og far lurte på kva ho brukte alle pengane sine på og kvar ho var heile dagane. Tone sa at ho var hjå bestevennina si, eller rettare sagt den forhenværande bestevennina si. Mor til Tone trudde ikkje heilt på denne forklaringa, for ho hadde ikkje sett noko til Beate, som ho heitte, på fleire månadar.

 

Dagen etter fekk Beate telefon frå mor til Tone. Beate fortalde at ho ikkje hadde snakka med Tone på fleire veker, og at Tone vanka i eit heilt anna miljø enn det ho vanka i, rettare sagt rundt Oslo S...

 

Det var då foreldra til Tone verkeleg byrja å lure. Kvifor hadde ho ikkje fortalt dei det som det eigentleg var ? Var det noko ho prøvde å skjule ?

 

Då Tone endeleg kom heim, i tretida om morgonen, prøvde dei å konfrontere ho med det dei nyss hadde funne ut. Dei lukkast ikkje så godt. Tone var "stein". Tove Og Jan, som foreldra heitte, fekk mildt sagt sjokk. Tove måtte sette seg ned, ho klarte ikkje lenger å stå på beina. Ho stirra måpande på dottra, medan tårene trilla hjå dei begge. Det vart stillt som i grava. Plutseleg "eksploderte" Jan. "Kva har vi gjort mot deg, som er så gale at du må dope deg ?!!! Er det noko i vegen med deg ??? Du kan då ikkje vere narkoman, dei idiotane har verken skikkelege foreldre eller nokon som bryr seg om dei !!! Viss du ikkje tek deg alvorleg saman, kan du berre dra deg til helvete ut av mitt hus !" Jan smellte att ytterdøra så heile huset rista.

 

Tone og mora vart einige om at dei skulle prøve å få ho inn på eit rehabiliteringssenter for ungdom. Dei fekk plass ved Fjellsjø Senter. Tone var ikkje for vel innskriven, før ho fekk panikk. "Eg vil ikkkje vere her! Eg vil heim!!!" Ho byrja å gråte. Etter nokre timar slo abstinensen ut for fullt. Ho vart liggjande på golvet å riste, fraus og svetta om kvarandre. Abstinensen reid ho som ei Mare.

 

Nokre dagar seinare reiste Tone heimatt, ho orka ikkje meir. Ho flytta inn hjå ei venninne i sentrum. Ho fall straks tilbake til gamle synder.

 

Eit nytt heroin-offer. Ho gjorde ein stor tabbe, ho let ikkje kroppen gradvis venje seg til stoffet, ho fortsette med dei gamle dosane.

 

TONE FRØSETH vart berre endå ei lita annonse i VG.

 

"Ung jente funnet død på offentlig toalett i Oslo. Trolig en heroin-overdose. Politikerene spør seg selv når dette skal ta slutt.................."

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil