Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eksotiske pensjonistar

Eksotiske pensjonistar

"Skriv eit kåseri om ein nordmanns møte med ein framand kultur". Eg valde å skrive spesielt om Spania, og pensjonistane der.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
05.05.2007


At det dei siste åra har blitt meir og meir populært å reise til utlandet, er dei fleste klar over. Alle er på jakt etter noko nytt og meir spennande enn den raudmåla hytta på fjellet. Den hytta der fårikål og potetball har blitt til i alle dei år. Folk no til dags er på jakt etter noko meir. Noko eksotisk.

 

Eit populært reisemål er t.d. Spania. Litt kulturforskjel har vi, men det har blitt mindre og mindre med åra. Ikkje berre er det stadig fleire unge som reiser dit. Spania har òg blitt pensjonistanes land. Dit reiser dei fleste gamle, så snart dei er pensjonert. Eg trur det er mest for å sleppe unna barnebarna sine. Det gjorde iallefall mine besteforeldre. Eg må sei at eg forstår dei eigentleg ganske godt. Varme, solrike dagar, og slaraffenliv kvar einaste dag kan vel ingen takke nei til. Men så er det eit faktum at Spania nermast blir innvadert av rike, rynkette wanna-be spanjolar, som susar rundt i sine nye mercedesar. Alle har luksuvillaer, med basseng, og eigen bassengmann. For å imponere kveldens kelner, på den utvalgte, og merk deg; dyre restauranten, tek alle omfattande spanskkurs ein gong i veka. Dei fleste endar opp med å sitte igjen med to ”setningar”, noko lignande, ”Regninga, takk” eller ”Ein øl”. Bestemora mi var då heller litt smartare. Ho lærte seg spansk over eit dataspel. Rett nok var spelet laga for barn, men ho kan iallefall meir enn dei som tek dyre kurs. Ho kan endåtil spørje om kva tid toget kjem, men eg er ikkje sikker på om dei har tog i Spania. Eg har iallefall aldri sett eit i levande live. Berre jernbanespora.


 

For dei som aldri har tatt eit spanskkurs, kanskje fordi dei ikkje har pengar, eller slik som mor mi; ikkje forstår seg på dataspel, så gjeld det å stave seg gjennom bestillinga på ein restaurant, på gebrokkent engelsk. Har du forresten høyrt mor mi snakke engelsk? Ikkje det? Det skal du vere glad for. Det er eigentleg litt for gale at vi som nordmenn, ikkje skal kunne klare å kommunisere skikkeleg når vi er i utlandet. Eg må le når eg tenkjer på kor irritert ein nordmann blir, om han møter ein polakk som ikkje har lært seg norsk. Då er det ei kjefting og skriving i avisa om at vi har tatt inn for mange utlendingar, ”og dei kan jo ikkje norsk eingong!”.

 

Eg sjølv har våre mange gongar i Spania, og for å sei det slik: Eg finn det slett ikkje eksotisk at ein haug med gamle bygningsarbeidarar flørtar med mor mi. Kebabane ser også ut slik som dei gjer i Norge. Men mor mi var rett nok ganske sikker på at hygiena i Spania er mykje dårlegare, og nekta derfor å ete anna enn klippfisken som bestefar hadde frakta frå Norge, eller biff som var steikt ”well done”. Snakk om å vere kulturell i matvegane. Marknadsdagane er kanskje litt eksotiske. Men mest klaustrofobiske. Kilometervis med trange gater, med boder som sel alt frå falske gucci klokker, og ”ekte” gull smykker, til billige kamera, som varer i ein månad. Souvernirar er også ein stor del av marknaden, og dei siste åra har far min har drege i hus både ein piratpistol ei panfløyte, bongotrommer og diverse andre ting som mor mi har gøymd bort.

 

Mitt synspunkt er at den gamle generasjon er i ferd med å overta Spania, og ”syden” generelt. Dei byggjer feriehus, men bur der omtrent heile året. Dei kjem kanskje til Norge ein eller to gongar i året, muligens til jul eller konfirmasjon. ”Syden” er paradiset dei har drøymt om heile livet. Sol og varme, fri frå familia, og ikkje minst billige prisar. Endåtil matvarebutikkane har ei eiga avdeling for norske matvarer. Nei, takke meg til. Om eg skal til utlandet, så skal eg oppleve meir eksotiske tilværelsar enn det! India, Kina eller Japan er perfekte døme på stadar der du kan oppleve stor kulturforskjel. Men i mi levetid har eg omtrent ikkje høyrt om ei levande sjel som har tørt å sette sine spor i Asia. Bestemor var der ein gong. Men ho fann fort tilbake til sin ”syden”. Du veit, gamle folk, dei taklar ikkje så mykje eksotisk på ein gong.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil